I debutboka si skriv Olav Fangel interessant og originalt – men manglar nok innhald til å forsvara ein heil roman.

Magnus Rotevatn
Publisert

Kva vil det eigentleg seia å vera ein person? Er verda rundt oss ein del av oss?

Desse filosofiske spørsmåla er eit bakteppe i romanen Embrik i høyere oppløsning – debutboka til Olav Fangel. Meir konkret handlar boka om guten Embrik. Han er ein ordentleg snåling og ikkje særleg lett å bli klok på.

Embrik i høyere oppløsning

Forfattar: Olav Fangel

Forlag: Gyldendal

Gjeven ut: Januar 2024

Sjanger: Roman

Sider: 240

I byrjinga møter me Embrik som liten unge. Han interesserer seg for det som finst på internett – til dømes porno og valdsvideoar.

Seinare i boka er Embrik ein filmnørd på vidaregåande. Og etter kvart blir han elev på ein folkehøgskule.

Felles for Embrik i alle desse periodane er det at han liksom aldri får det heilt til. Han er prega av tomleik og manglar gode ankerfeste i livet. Det er eit mysterium, aller mest for Embrik sjølv, kva og kven han er.

Saknar heile menneske

Er Embrik sitt liv interessant materie? Ja, utan tvil. Men det blir ganske kjedeleg i lengda.

Eg sleit med å finna ein inngang inn i universet til boka. Det meste er berre overflatisk skildra.

Persongalleriet inneheld fleire interessante og sære typar. Med dei er heller ikkje så mykje meir enn det. Eg saknar kjensler og djupna som gjer dei til heile menneske.

Teksten løftar seg aldri opp frå sidene, men blir verande bokstavar på eit ark.

Ingenting står på spel

Det er heller aldri noko som eigentleg står på spel. Embrik er nihilistisk og manglar motivasjon og vilje.

Handlinga blir stort sett driven fram av tilfeldige hendingar og innfall. Det er ingen som ynskjer eller kjempar for noko.

Mykje fyll

Eg sit igjen med kjensla av å ha lese ei novelle som er blitt altfor lang. Mykje av teksten er fyll og litterær svada. Til dømes treng lesarane inga forklaring på korleis ein nettlesar funkar.

Når boka har få strengar å spela på – i hovudsak berre eit absurd plott – er det vanskeleg å få ein lesar til å bla seg gjennom alle dei to hundre sidene.

Godt blikk for det skakke

Eg les likevel gjerne den vanskelege andreboka til Olav Fangel. Forfattardebutanten har eit godt blikk for det skakke og merkelege. Embrik i høyere oppløsning kan fort enda opp som den mest originale utgjevinga i 2024.

Men om Fangel skal halda fram i same tralt, bør neste bok bli ei novellesamling.