Romandebutant Olav Fangel ser føre seg ein forvirra Hollywood-skodespelar i filmatiseringa av sin første roman.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Forlaget Gyldendal spør om 28 år gamle, bokaktuelle Olav Fangel er den nye Erlend Loe.

Me har teke ein kikk i bokhylla til forfattaren som er aktuell med romanen Embrik i høyere oppløsning.

Romandebutanten har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og les ein stad mellom 20 og 30 bøker årleg. Det er både romanar, essayistikk og sakprosa. Og litt poesi.

 

Olav Fangel (1995)

Frå: Asker 

Utdanning: Nordland kunst- og filmhøgskole, Skrivekunstakademiet i Hordaland

Yrke: Forfattar og deltidstilsett

Aktuell med: Embrik i høyere oppløsning (Gyldendal)

Badekarlektyre

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

– Checkout 19 av Claire-Louise Bennett.

– Kor les du?

– I senga, på stolar, nokre gonger i badekaret, men så blir jo boka våt, og då må eg fort opp og tørka hendene, og plutseleg bankar nokon på døra, og då står eg jo der, naken med våt bok, og utanfor seier nokon at ho må pusse tennene, «kanskje du burde spørja på gruppechatten før du badar?!» seier ho.

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– Stort sett sider og ord! Kanskje også teikningar – eg elskar Mummitroll-bøkene, det finst ei heilt eiga omsorg i dei.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Still Life with Woodpecker av Tom Robbins og Rejse gennem natten av Friederike Mayröcker.

Namnet Nietzsche

– Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Harry Potter-bøkene, Astrid Lindgren, Inger Hagerup. Både mamma og pappa las, mamma mest, på eit tidspunkt byrja pappa å lesa Harry Potter inni seg.

Den tyske filosofen Friedrich Nietzsche (1875) Foto: Friedrich Hermann Hartmann

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg synest å hugsa å ha lese eit eller anna av Nietzsche. Eller kanskje var det berre noko Eilif sa at han på eit tidspunkt hadde gjort. For å vera ærleg trur eg ikkje eigentleg eg las Nietzsche. Men at namnet hans gjorde inntrykk på meg. Eller inntrykk på Eilif, ein eg gjekk i klasse med. Nietzsche var jo eit litt vanskeleg namn.

Hjarte for Øyehaug

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Forteljarstemma i Døde sjeler av Nikolaj Gogol.

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Hjartet i skalkeskjulet av Gunnhild Øyehaug, og heile Gunnhild Øyehaug.

 

Livet med Sigrid Undset

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Ikkje ein daud ein i alle fall, hehe! Hadde vore litt ubehageleg. Spesielt om eg var åleine i kollektivet.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Det synest eg er litt vanskeleg å svare på. Men Sigrid Undset er ein kandidat. Ein annan er Roberto Bolaño.

Cera som Embrik

– «Embrik i høyere oppløsning» blir filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Michael Cera når Michael Cera er på sitt mest forvirra og trengande.