Verdas første vaksineprogram mot malaria starta i Kamerun

Det afrikanske landet håpar å vaksinere 250 000 barn innan neste år mot sjukdommen.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Dette er verkeleg eit vendepunkt. Vi har jobba for ein malariavaksine svært lenge. Det tok 30 år, seier Aurelia Nguyen, leiar for vaksineprogrammet i Verdas helseorganisasjon (WHO), ifølgje NTB.

I fjor haust vart verdas andre malariavaksine godkjent. WHO reknar at over 600 000 mistar livet årleg i Afrika på grunn av malaria. 80 prosent av dei som døyr er barn under fem år. Sjukdommen smittar via myggstikk.

Kamerun er det første landet som får eit vaksineprogram for barn mot sjukdommen. Alle barn på seks månader får no vaksine gratis. Dei treng fire dosar.

Ifølgje WHO Afrika er landet blant dei 11 mest råka av malaria i verda, med over 3 millionar tilfelle og 3800 dødsfall i 2021.

– Eg valde å vaksinere tvillingane mine fordi eg har sett kor farleg malaria kan vere, fortel ei kvinne som heiter Helene på nettsidene til organisasjonen. Barnet hennar Daniella var det første i Kamerun som fekk vaksine.

Ho seier ho vil sørgje for at tvillingane får alle fire dosane som trengst, og vil i tillegg ta forholdsreglar som å bruke myggnett når dei søv.

20 land kan kome etter, noko som kan sørgje for at over 6 millionar barn får malariavaksine i 2025, ifølgje NTB.

Prøveprosjekt i Kenya, Ghana og Malawi synte at det var 13 prosent færre som døydde med vaksine.

Nyleg vart Kapp Verde det fjerde landet i Afrika som har klart å fjerne den dødelege myggsjukdommen.