Få kjenner årsaka for livmorhalskreft

Fleire hundre kvinner får livmorhalskreft i Noreg kvart år, men berre 29 prosent av befolkninga kjenner årsaka.

NPK-NTB
Publisert

Det seksuelt overførbare viruset Humant papollomvirus (HPV) er nesten alltid årsaka til livmorhalskreft.

– 80 prosent av oss får ein HPV-infeksjon i løpet av livet, men det veit knapt éin av ti. Det kan ha samanheng med at ein HPV-infeksjon som oftast er heilt ufarleg og går over av seg sjølv, litt som ei forkjøling, seier Kreftforeningens generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i ei pressemelding.

Ein vedvarande HPV-infeksjon kan likevel føre til celleforandringar, som i verste fall kan utvikle seg til livmorhalskreft. Denne samanhengen kjenner knapt ein av tre, ifølgje ei undersøking frå Kreftforeninga.

190.000 kvinner har ikkje sjekka seg for livmorhalskreft på ti år eller meir, viser tal frå Kreftregisteret.

– Den innstendige oppmodinga mi er at også dei skal ta ei livmorhalsprøve. Dei treng ikkje å vente til dei har eit anna ærend hos legen, denne sjekken er grunn god nok i seg sjølv til å bestille legetime, seier Ross.