Svensk-norsk astronaut blir skoten opp i verdsrommet i kveld

Han blir den første norske astronauten i verdsrommet.

NPK-NTB-TT
Publisert

Den svensk-norske astronauten Marcus Wandt byrjar reisa si til den internasjonale romstasjonen (ISS) onsdag kveld. Oppskytinga skjer i 23-tida norsk tid.

I tillegg til Wandt vil tre astronautar til vere om bord på SpaceX-romraketten Falcon 9 som blir skoten opp frå Kennedy Space Center i Florida i USA. Dei skal vere på ISS i to veker for å gjennomføre ulike vitskaplege eksperiment på oppdrag frå firmaet Axiom Space.

– Noko av det dei skal sjå på, inkluderer verknaden av romfart for å føreseie utviklinga av romsjuke, og studere korleis mikrogravitasjon påverkar stamceller, sa Dana Weigel, nestleiar for ISS-programmet ved Nasa, i eit webinar tysdag kveld.

Wandt har både svensk og norsk bakgrunn.

– Eg voks opp utanfor Karlstad i Värmland i Sverige, men mor mi bur på Gjøvik, så der har eg vore mykje, seier Wandt, som er stolt over å kunne representere både Noreg og Sverige i rommet, sa Wandt i ei pressemelding frå Norsk romsenter før helga.