Ny leiar: Kvenske Vebjørn Karvonen vil ikkje påta seg «andregradskrenking»

Men den nye leiaren i Kvääninuoret – Kvenungdommen meiner historia ikkje har spelt folket hans gode, noko som må rettast opp i.

Andrea Rygg Nøttveit, Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 18.01.2024 21:01

– Vår kamp er å bli sett og anerkjent som eit folk, og vere ein naturleg del av det norske mangfaldet. Eg veit heller ikkje om eg ville brukt ordet kamp, det får det til å høyrest litt brysamt ut å vere kven – og det er det i grunn ikkje! Eg opplever at det er svært givande, og spanande å vere ein del av det kvenske engasjementet.

I haust vart Vebjørn Vinjar Karvonen (25) valt til ny leiar for Kvääninuoret – Kvenungdommen, som er ungdomsorganisasjonen til Norske kveners forbund.

Vebjørn Vinjar Karvonen

  • Alder: 25
  • Personleg pronomen: Han
  • Frå: Skibotn
  • Yrke/utdanning: Maritim elektro-offiser
  • Favorittfag på skulen: Historie
  • Ulike verv: Kommunestyret i Storfjord
  • Medlem i: Norske Kveners Forbund, Kvenungdommen, Arbeidarpartiet

 

Han listar opp dei tre viktigaste sakene deira:

  1. Synleggjere det kvenske folket.
  2. Vere eit samlepunkt for unge kvener, og skape rom for å utforske sin kvenske identitet saman.
  3. Styrke og fremje kvensk kultur, språk og historie, og gjere det tilgjengeleg for ungdom og vaksne.

Uvel av urett

Karvonen toler ikkje urett. Han blir rett og slett uvel av det. Det kvenske engasjementet stammar frå hans eiga familielinje. Han blei nysgjerrig på den kvenske identiteten, som han oppdaga at har mange likskapstrekk med kulturen han sjølv er vaksen opp i, utan at han var bevisst på det.

– Samstundes innsåg eg at det kvenske folket har opplevd urett i ein historisk kontekst, noko som har etterdønningar til den dag i dag. Eg ønsker ikkje å påta meg sjølv andregradskrenking, altså at sjølv om forfedrane mine opplevde fornorsking, betyr ikkje det at eg føler urett på vegner av dei, forklarar han, og utdjupar:

Karvonen på 1. mai-feiring i Bergen. | Foto: Privat

– Problemet mitt er at på grunn av historia, er vi der vi er i dag, og historia har ikkje spelt mitt folk gode. Eg ser på det som mi oppgåve som leiar i Kvenungdommen å gjere ein jobb for å rette opp i dette.

Kvenungomsleiaren opplever at dei blir heia på, og at det er ein genuin godvilje blant dei som styrer landet på både lokalt og nasjonalt nivå.

– Men dei treng stadig å bli mint på det når avgjerder skal bli tekne. Hukommelsen er tilsynelatande veldig selektiv og kort.

– Saman kan vi utrette store ting

Karvonen ser ikkje på seg sjølv som eit spesielt stort leiar-geni.

– Men det pipla ein smule vett inn i skallen min den dagen eg innsåg at ein god leiar byggjer lag, og at leiaroppgåva er å samle troppar for å jobbe i same retning.

Han ønsker å vere ein leiar som samlar og som har tillit.

– Alle har ulike kvalitetar, og eg vil få dei fram, finne din kompetanse, få deg til å bli god i det, og bli ein lagspelar. Eg meiner vi alle bør oppleve at kompetansen vår er avgrensa – vi kan rett og slett ikkje alt, men saman kan vi utrette store ting. Eg trur også at når ein jobbar og til dels slit og møter motstand saman, blir ein eit meir samla lag, og eg ser helst at eg sjølv er på dørken saman med laget mitt.

Gerhardsen, Nansen og bestefar

25-åringen frå Skibotn meiner på generelt grunnlag at det ikkje er bra med leiarførebilete, men vågar seg på nokre refleksjonar kring kva som er eit godt førebilete.

– Førebiletet ditt skal helst vere deg sjølv, ditt betre sjølv, ditt framtidige sjølv. I framtida er eg klokare, sterkare, rausare. Sjå deg tilbake, tenk; kva ville eg tipsa mitt fem eller ti år yngre sjølv om, dersom vi hadde møtst? Du har garantert erfaring no som tilseier at du ville vore i stand til å gi ditt yngre sjølv dyrebare råd. Ta val som leier deg mot å bli den du vil vere om ti år.

Likevel er det personar som inspirerer Kvarvonen. Av kjende personar ser han opp til landsfaderen Einar Gerhardsen og polfararen Fridtjof Nansen, som begge er «to tenkande tøffingar». Han held òg faren og bestefaren høgt.

Sløyd i skulen

– Kva er dine hjartesaker?

– Det kan verke som veldig tilfeldig, eller ei komplett avsporing, men det er ikkje så fjernt for det kvenske heller. Hjartesaka er: sløyd i skulen.

Karvonen ønsker at unge skal få oppleve gleda av å skape, og gleda av praktisk arbeid.

– Å innsjå at å skape er ein dyd som slår røter djupt inn i sjela, og at du er i stand til å flytte fjell med dine eigne hender. Ei fjøl blir med tid eit fuglehus, eit fuglehus blir eit skur, eit skur blir til eit hus. Å få oppleve denne indre skapartrongen vil også slå ringverknader elles i livet. Vi som menneske har store evner, og vi treng ikkje KI til det, men utan denne trongen til å skape, kan vi lett falle ned i dovenskapens pinleg behagelege krybbe.

Handverket er òg ein stor del av den kvenske tradisjonen, med skinn- og lær-sløyd, smiekunst, lafting og tjæremile.

Tidstjuv

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Mobiltelefon! Det er ein rein skandale korleis tiktok/reels/shorts har fått rom til å forpeste samfunnet. Eg seier fått rom, fordi den digitale utviklinga er ikkje noko som berre har skjedd, det er noko vi har tillate. Mykje godt har kome ut av dette, men sanneleg har det medført mykje forderving også.

Han innrømmer å vere dårleg til å motstå mobiltelefonens forlokkande pling og tente skjerm, men prøver med små steg å gjere Snapchat, Instagram og YouTube til mindre vesentlege delar av livet, og han håper på meir regulering av internett i framtida.

Den største hobbyen er å jobbe, men han stiller spørsmål ved kva ein jobb eigentleg er.

– Mange assosierer jobb med «tiltak» eller noko slitsamt. Eg jobbar på havet, studerer, driv med politikk og organisasjonsliv, og bidrar i drifta av småbruket til far min – det er mange jern i elden. Saka er berre at eg trivst med det, så derfor er det ei gråsone mellom jobb/fritid/hobby for mitt vedkommande.

– Når det er sagt liker eg å liggje på sofaen og lese Carl Barks’ Donald Duck, eller spele trekkspel eller gitar. Det trur eg ikkje treng debatt, det er definitivt hobby.

Vebjørn Vinjar Kvarvonen på jobb i Kystverket.

Saknar meir dugnad

25-åringen meiner Noreg er eit idealsamfunn, og ville ikkje bytt landet sitt mot noko som helst.

– Men om det er ein ting eg saknar, er det dugnaden. Å møte opp og vere til stades for kvarandre, og ikkje forvente ein sjekk i retur. Er det ein ting eg ville sett mindre av, er det dei enorme avstandane mellom dei som har mest kapital, og dei som har minst.

Draumegjesten til leiaren i Kvenungdommen, er den avdøde finske forfattaren Arto Paasilinna.

– Han hadde nok både mange synspunkt og historier som eg trur ville vore svært interessante.

Kvensk Elvis

Foto: Metro-Goldwyn-Mayer, Inc, Offentleg eigedom

– Korleis held du deg oppdatert?

– Lokalavisa Framtid i Nord (månadleg), Avisa Nordlys (kvar veke), NRK (dagleg).

– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit: Kva er overskrifta?

– «Elvis lever!» Brødtekst: «Elvis avslører; eg har alltid følt meg kvensk.»


Tre tips:

Omslag: Cappelen Damm

– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?

Epiktet – En håndbok i livskunst. Kort og relativt lettlesen bok eg meiner kan gi tid til refleksjonar og ettertanke for et heilt liv.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– Om du ikkje har sett han enno – Makta på NRK!

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– «Laughing in rythm» av Major Holley, må vel å merke sjåast på YouTube. «Grazing in the grass» av The Friends Of Distinction er elles også absolutt ein humørfylt song.