Austerriksk arving let framande bestemma over arven hennar

Marlene Engelhorn skal velja ut 50 austerrikarar som skal fordela 25 millionar euro til gode saker.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

10 000 tilfeldige austerrikarar har blitt invitert til å svara på eit spørjeskjema, og av dei skal 50 veljast ut til å sitja i Guter Rat, det gode råd. Der skal dei gje råd til den 31 år gamle millionarvingen i korleis pengane hennar kan best brukast for å kjempa mot ulikskap.

– Eg har denne rikdommen på grunn av andre sitt arbeid, familien min fekk arva eigarskapet til ei bedrift, og difor fruktene frå arbeidet, skriv Engelhorn på nettstaden til prosjektet.

Rådet skal, ifølgje Engelhorn, bestå av femti personar med forskjellige bakgrunnar. Ho ønskjer eit spenn i kjønn, alder, utdanningsnivå og arbeid som kan spegla den austerrikske befolkninga.

– Arvingar gjev (nesten) ingenting tilbake til samfunnet

Engelhorn kjem frå eit av dei største europeiske næringslivsdynastia, starta av Friedrich Engelhorn, som stifta det tyske farmaseutselskapet BASF. Ho arva eit tosifra millionbeløp frå bestemora si som gjekk bort i 2022.

Allereie året før, i 2021, annonserte ho at ho ville gje vekk 90 til 95 prosent av arven. Engelhorn er tydeleg motstandar av arva rikdom, og ser store problem i dagens rikdomsfordeling både globalt og i Austerrike. I dag eig den rikaste prosenten i Austerrike 50 prosent av all rikdomen. Mesteparten av desse er arvingar.

– Arvingar gjev (nesten) ingenting tilbake til samfunnet. Dei betaler ingen skatt på arva, og tener godt på skattefrådrag på eigendelane sine, medan alle andre må betala skatt på kvar einaste euro dei tener ved å jobba.

Ønskjer gjeninnføring av arveavgift

I 2008 avvikla Austerrike arveavgifta, dette hendte samstundes med rekordhøg fattigdom blant befolkninga. No er risikoen for fattigdom på veg opp igjen, og Engelhorn ønskjer å vera ei tydeleg stemme for å henta tilbake skatt på arv.

I 2001 var ho med på å stifta resource generation, ei gruppe unge rikingar som jobbar for å innføra og auka skattinga av rike individ.

– Å arva betyr at dører opnar, dører som mange aldri får sjå. Å arva betyr at kjensla av økonomisk tryggleik beskyttar deg frå uuthaldeleg arbeid, dårlege busituasjonar, helseproblem og så mykje anna, skriv Engelhorn.