Seriemelding: Echo – som om serien ikkje stolar på publikum til å trekkja eigne slutningar

Serien gjer mykje bra med representasjon, både av choctaw-kultur og av ein døv hovudkarakter, men det gjer ikkje Echo verd å sjå, meiner meldaren vår.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Echo er den nyaste serien frå Marvel på Disney+. Her får me eit gjensyn med Echo, eller Maya Lopez, frå Hawkeye-serien, som er Kingpin si adoptivdotter og dødeleg leigemordar.

Serien følgjer Maya medan ho prøver å ta hemn på Kingpin, samtidig som ho finn ut kva familie betyr for henne.

Sjølv om serien har nokre spennande actionscenar, er det for mykje inkjeseiande drama til at eg kan tilrå å sjå han.

Fell i Marvel-fella

Maya Lopez mista som liten både foten og mor si i ei bilulykke. Det skulle visa seg at dette ikkje var noko uhell.

Faren til Maya var ein nær samarbeidspartnar med Wilson Fisk, ein av New Yorks største kriminelle. Familien klandrar med rette faren for døden til mora, så Maya og faren flyttar til New York for å halda fram med si ulovlege verksemd. Der lærer Maya både kampsport og våpenbruk, og tek opp namnet Echo. Etter døden til faren, blir ho adoptert av Fisk.

Seinare visar det seg at det var Fisk som drap far hennar. Som respons prøver og feilar Maya å ta sin adoptivfar av dage, og flyktar deretter til heimbyen sin. Det er altså mange mord og mordforsøk i livet til Maya.

Mykje av dette vart forklart allereie i Hawkeye-serien. Det er eit av problema med at alle Marvel-seriane og filmane heng saman. I fyrste episode får me sjå heile Maya si forhistorie, og eg er litt usikker på kven som skal ha glede av det. Enten så er det berre ei kjedeleg oppsummering av ein serie du allereie har sett, eller så er det ei forhasta historie med karakterar du ikkje rekk å bry deg om.

Mangfald og action

Maya og familien er alle choctaw, og me får sjå mykje av deira kultur i serien. Me får høyra og sjå mykje vakker kunst som var inntil no var ukjent for meg, siste episode skjer til og med på ein «powwow» for å feira choctaw-kultur. Spesielt kult er det at heile serien er dubba på choctaw-språket: chahta anumpa.

Maya er fødd døv. Dei aller fleste brukar teiknspråk for å snakka med ho, som betyr ein del undertekst og lesnad. Serieskaparane fjernar av og til lyden frå scener for å putta oss i Mayas sko. Kaotiske slåstkampar går frå høglydt kaos til metodisk dans berre akkompagnert av hjarteslag.

Det er kult å sjå hennar sylskarpe fokus i praksis, og denne teknikken blir også brukt i mindre slossete scener for same effekt.

Det er altså på actionfronten at serien skin. Maya er ein veldig kreativ kjempar, og brukar alt i rundt seg til sin fordel.

Uheldigvis er det ikkje ofte Maya får vist seg fram slik, med berre 2–3 minneverdige actionscenar i heile serien. Med ei aldersgrense på 16+, kan du forventa litt blod og gørr. Folk blir drepne i hytt og pine, og blodet spruta. Det er ikkje mykje meir grotesk enn ein standar actionfilm, anna enn eit par grafiske dødsfall og nokre nærbilete av skotsår.

Karakteren Maya Lopez er døv, og kommuniserer difor med teiknspråk. | Foto: Chuck Zlotnick. ©Marvel Studios 2023. All Rights Reserved.

Gode skodespelarar – for openbert manus

Skodespelet i serien er jamt over bra. Alanqua Cox som Echo er overbevisande som karakteren sin. Dessverre er den fælslege og mektige Vincent D’Onofrio som Kingpin berre ein skugge samanlikna med når han har dukka opp tidlegare. Her skuldar eg på manus heller enn skodespel.

Serien har ein tendens til å seia det openberre. Eg trudde dette var ein konsekvens av å ha mykje å samanfatta, men problemet held fram forbi den fyrsten episoden. Det er som om serien ikkje stolar på publikum til å trekkja eigne slutningar. Karakterane seier i klartekst kva dei kjenner, kva dei tenkjer å gjera og beskriv situasjonen dei er i.

På denne måten tek serieskaparane alltid kortaste veg for å nå målet sitt heller enn å ta seg tida til å gjera publikum investert i historia.

Eit spesielt latterleg døme på dette var i eit av Kingpin sine varehus i New York. Me har aldri sett noko til verken varehuset eller karakterane i det før denne scena. Så for å introdusera setting og folka fort og effektiv, syng sjefen der ein lystig song om kor uovervinnelege og mektige dei er. Dette kjennest litt tullete ut når ei massiv bombe eksploderer under eit minutt seinare. Dette opplevast meir som ein punchline i ein vits enn ein alvorleg situasjon med farlege konsekvensar.

Serien gjer mykje bra med representasjon, både av choctaw-kultur og av ein døv hovudkarakter. Men det er ikkje nok til å gjera Echo verd å sjå på etter meininga mi. Viss du har eit behov for ei kjedeleg historie der handlinga ikkje har store konsekvensar, og det er nokre kule actionscenar her og der, er dette serien for deg.

Samla terningkast: 2


Meldarsatsinga vår er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.