Her er Anette Fadnes Marcussen sine fem førehandsfavorittar i 2024.

Anette Fadnes Marcussen
Publisert

2024 ser ut til å bli eit godt år for spelelskarar, uavhengig av konsoll. Sjølv ser eg fram til alle dei koselege og søte spela, og i år kjem det heldigvis mange av dei.

Princess Peach: Showtime!

Princess Peach skal ut på nye eventyr i 2024. Foto: Nintendo

Som ein fan av Super Princess Peach til Nintendo DS ser eg fram til det første Mario-spelet med Peach som hovudkarakter sidan 2005.

Spelet set fokus på Peach og hennar mange former. Ho kan nemleg transformere seg denne gongen, blant anna til Sverdfektar Peach, Detektiv Peach og Kung-fu Peach. Ho og partnaren hennar, Stella, set ut på eventyr for å slå spelet sin hovudskurk: Wicked Grape.

Ifølgje ein Nintendo Direct den 14. september i fjor, startar spelet med Peach og eit par Toads som skal på teater og sjå ei førestilling, då teateret plutseleg kjem under angrep av Wicked Grape og «gjengen» hennar, The Sour Bunch. No er det opp til Peach og teaterets verje, Stella, å redde dagen og førestillinga. Ved hjelp av Stella sine krefter kan Peach transformere seg, og får nye krefter. Sverdfektar Peach fektar fiendar bort med sverdet sitt. Detektiv Peach leitar etter spor med forstørrings­glaset sitt. Og Bakar Peach lagar kaker – openbert. Dette er berre tre av mange former Peach kan ta i Princess Peach: Showtime!

Det ser ut som om dette spelet blir innhaldsrikt og nyskapande. Verda har sjølvsagt sett spel med mange forskjellige kostyme og krefter som dette før; Super Mario Oddysey er eit godt eksempel, og Balan Wonderworld eit dårleg eit.

Plattform: Nintendo Switch
Lanseringsdato: 22. mars


Our Life: Now & Forever

Dette er mogleg eit spel ikkje så mange har høyrt om. Our Life: Now & Forever er eit spel i sjangeren visual novels, eller visuelle romanar, og handlar om hovudkarakteren, spelaren, som veks opp i eit nytt nabolag med naboane sine Qiu Lin og Tamarack Baumann.

Du blir raskt kjent med desse to, og bruker nesten kvar dag med dei – har det gøy, snakkar, møter nye menneske. Spelet kjem til å ha fire steg. I steg 1 er dei barn som går på skule. I steg 2, tenåringar, steg 3, unge vaksne, og til slutt, steg 4, vaksne. Du veks opp med desse to karakterane, og etter kvart får du moglegheita til å bli forelska og starte eit forhold med ein av dei.

Dette spelet er laga og gitt ut av GB Patch Games, som har laga eit anna spel i Our Life-serien frå før av. Eg blei introdusert til Our Life: Beginnings & Always, gjennom min kjærleik for visuelle romanar, og elska det nesten umiddelbart.

Desse to spela er naturlegvis veldig like, men likevel veldig forskjellige. Beginnings & Always finn stad om sommaren, og kvart steg er ein sommarferie. Du bur ved sidan av naboguten, og er med han kvar sommar.

Now & Forever finn stad om hausten, og det ser ut til at kvart steg kjem til å vere i den årstida. Eit spel i fine oransje-tonar som eg ser fram til å drikke kakao til. For dei som ikkje klarar å vente, som meg, ligg det allereie ein demo ute som ein kan spele. Denne er berre i steg 1, men det er eit veldig fint innblikk i korleis spelet blir, og ei gratis moglegheit for dei som er usikre på om det er noko for dei.

Our Life-serien er i tillegg ekstremt inkluderande, med kjønn, seksualitet og utsjånad heilt opp til spelaren. Spelet er lagt opp sånn at ingenting nokon gong blir teke for gitt, slik at alle kan føle seg sett og inkludert. Det er ein stor bonus, synest eg.

Plattform: PC
Lanseringsdato: Ikkje annonsert


Tiny Glade

Tiny Glade er eit sandbox-spel om å skape slott. Heile poenget til spelet er å utforske kreativiteten din og lage akkurat det du vil.

I forklaringa til spelet som utviklaren sjølv har skrive, står det at ein kan: «forvandle gløymde enger om til elskverdige diorama». For utviklaren, Pounce Light, vil dette vere det første spelet dei gir ut. Dette gjer meg om noko berre meir spent på Tiny Glade. Indieselskap har verkeleg tatt av i det siste, og mange av mine favorittspel er laga av nettopp indieselskap. Our Life: Beginnings & Always er eit godt eksempel.

Det ser ikkje ut til å vere så mange grenser for kva du kan gjere i Tiny Glade. Kvart slott i trailerane er forskjellige i storleik, i form og i farge. Du kan teikne din eigen sti, legge til nye rom på slottet ditt ut av ingenting, og sette på vindauge og dører, for å nemne eit par ting. Slik Pounce Light får det til å sjå ut, vil dette spelet vere avslappande, gøy og veldig enkelt. Det blir eit lerret for oss å male på.

Plattform: PC
Lanseringsdato: 2024

Mario vs. Donkey Kong

Eg har eit vagt minne om å tulle rundt i ei verd lagd av leiketøy på DS, medan eg leita etter små Mario-figurar. Kva for spel av dei sju andre i Mario vs. Donkey Kong-serien dette var anar eg ikkje, men det ligg ganske klart i minnet mitt at eg var glad, men fokusert på å finne ut korleis eg skulle komme meg fram til denne Mario-figuren. Spelet som kjem ut denne gongen er ein remake av det aller første spelet i serien, med multiplayer og betre grafikkar.

I det originale spelet frå 2004 eig Mario ein leikefabrikk som lagar små Mario-figurar. Donkey Kong ser ein reklame for dette på TV og blir straks forelska i leikene. Dessverre kjem han til butikken og oppdagar at dei er utselt. Rasande drar Donkey Kong til fabrikken på andre sida av gata og stel alle Mario-figurane. Oppgåva til spelaren blir no å ta tilbake alle figurane, gjennom diverse gåter og hinder, før dei fleire gongar gjennom spelet slåst mot Donkey Kong.

Å sjå denne klassikaren i ny stil blir eit eventyr i seg sjølv, og eg ser fram til å kunne spele det med venar.

Plattform: Nintendo Switch

Lanseringsdato: 16. februar


Little Kitty, Big City

Little Kitty, Big City ser ut som eit spennande spel. Foto: Double Dagger Studio

Dette sjarmerande, tullete og morosame spelet handlar om ein katt som har gått seg vekk, og leitar etter vegen heim. Å finne stien som tar deg heimover er definitivt ein prioritet, men å utforske byen først kan ikkje skade. Du møter andre dyr, får nye venar, rotar og lagar litt trøbbel, og leitar sakte, men sikkert, etter heimen din.

Det er klart frå første augekast at dette er eit spel med mykje humor og koselege karakterar. Og som eit spel med ein generelt søt stil, kan du bruke forskjellige hattar, blant anna ein forma som ein krabbe, ein aubergine og ein løk. Indieselskapet som står bak, Double Dagger Studio, har sagt at det kjem til å ligge overraskingar i verda, og at det er heilt opp til spelaren om du vel å hjelpe dyra du møter på vegen, eller om du vil skape kaos.

Little Kitty, Big City kjem til å vere eit open world-spel, som vil seie at du kan gjere akkurat det du vil og gå akkurat der du vil. For dei som har spelt Untitled Goose Game så gir det litt same følelsen, berre at det verkar som om Little Kitty, Big City set mindre fokus på motiv og meir fokus på utforsking og eventyr. Alt i alt eit søtt, koseleg spel å slappe av til.

Plattform: Nintendo Switch, PC, Xbox
Lanseringsdato: 2024

No ventar eg berre på eit nytt Animal Crossing-spel, og den neste Stardew Valley-oppdateringa. Godt nytt år!


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.