Barnebokforfattaren og tv-mannen vert trekt mot historier om strabasiøse reiser, kamp mot naturkrefter, eller isolerte mikrosamfunn.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg les frustrerande sakte, så endar vel opp ein stad rundt 20 bøker i året. Skulle gjerne klart det tidobbelte.

Det svarar barnebokforfattar og skribent Christopher Pahle på spørsmålet om kor mange bøker han les årleg.

I tillegg til å skriva den utanomjordiske barnebokserien «Kass og Tycho», jobbar medievitaren med å laga TV-seriar som «Kompani Lauritzen».

Christopher Pahle

  • Alder: 41
  • Frå: Oslo, Jorda
  • Utdanning: Medievitskap på UiO
  • Yrke: Barnebokforfattar og skribent, pluss at eg jobbar med å laga tv-program som
    Kompani Lauritzen.

Terapeutiske apokalypsar

Christopher Pahle les stort sett der han kan, men aller helst i sola om sommaren, eller i godstolen eller badekaret når det er mørkt og kaldt.

Me har spurt romentusiasten om kva bøker han aller helst les.

– Er det seglskuter, ope hav eller skipbrotne på aude øyer med, er eg seld. Eg vert veldig naturleg trekt mot strabasiøse reiser, kamp mot naturkrefter, eller isolerte mikrosamfunn, svarar Pahle.

Det same gjeld apokalypsar og postapokalypsar.

– Det kan eg faktisk ikkje få nok av, det må vera noko terapeutisk der. Kosar meg òg stort med populærvitskap og historiebøker.

Panikklesing på natta

41-åringen les til ei kvar tid minst fem bøker.

– På nattbordet no ligg zombie-apokalypse-boka The Girl With All The Gifts av M.R. Carey, biografien om J. Robert Oppenheimer, The Earth Transformed av Peter Frankopan, Under Alien Skies av PhilipPlait (ei vitskapleg skildring av korleis det er å opphalde seg på andre planetar og stader i verdsrommet).

Pahle humrar litt av at hans nyaste bok, Kass og Tycho 4: Herskeren av underverset, òg ligg på nattbordet.

– Eg les ikkje den på senga, altså, den ligg der sikkert berre fordi eg måtte sjekka ei eller anna formulering i panikk midt på natta.

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Hjelp, er det for sjølvhøgtideleg å seia Hamlet? Og tel han som bokkarakter? Litt av utfordringa her er jo at ein endrar seg også, medan romanfigurane blir verande dei same. Så eg kan liksom ikkje seia Holden Caulfield lenger heller. For å vera heilt ærleg likar eg vel så godt å lese bøker der eg identifiserer meg med karakterar som eg ikkje kjenner meg att i.

Robotmannen

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– Det kan vera så mange ting, og kvar gode bok er god på kvar sin måte. Men at ho byrjar å ta bustad i hovudet mitt når eg ikkje les, er eit godt teikn. At eg gruer meg til den er ferdig, og gler meg til å vakne om morgonen så eg kan halda fram, er eit endå betre eit. For eg er ganske glad i å sova.

Christopher Pahle skulle gjerne ha skrive Salamanderkrigen av Karel Čapek, som han òg meiner er den mest undervurderte boka.

– Visste du at han fann opp ordet robot? skyt han inn.

Fluenes Herre og Jules Verne

– Kva bøker vart lesne til deg som barn?

– Eg har sterke minne av at far min las «Den hemmelighetsfulle øya» av Jules Verne med broren min og meg i kvar vår armkrok. Den boka har gjort uutsletteleg inntrykk. Eg har framleis hangup på sjøkyr på grunn av den, og lét meg inspirera ganske mykje då eg skreiv andre bok om Kass og Tycho, «Fantomplaneten».

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Fluenes Herre. Eg trur det var den som fekk meg til å skjøna at forteljingar kan formidla noko meir enn den faktiske handlinga.

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

Kurt Vonnegut jr. (1922-2007). Foto: WNET-TV/ PBS / Wikimedia Commons

– Kurt Vonnegut, sju dagar i veka. Håpar han blir til kvelds, også.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– For eit skummelt spørsmål! Men eg trur kanskje Kurt Vonnegut eller Tolkien. Eller kanskje eg berre burde finne ein som har skrive så mange bøker at eg aldri hadde rokke gjennom alle? Stephen King?

Heftig spesialeffektbudsjett

– Kva av bøkene dine vil du helst sett filmatisert – og kven spelar hovudrollene?

– Spesialeffektbudsjettet hadde fått køyrt seg i alle fire Kass og Tycho-bøkene, men det er eit par-tre ganske heftige greier i første bok, De forbudte solsystemene, eg gjerne skulle sett på eit gigantisk lerret. Sidan hovudpersonane er tolv år i den boka, føreslår eg å caste nokon ukjente. Aksel Hennie er nok hakket for gammal.