Sauen Shaun har vore astronaut

Barne-tv-figuren er den første europeiske astronauten som har dratt til månen og tilbake.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Visste du at Sauen Shaun har vore i verdsrommet? Barne-tv-figuren var med på NASA sitt Artemis 1-oppdrag til månen frå november til desember 2022.

Der representerte han Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA). Romfartøyet Orion hadde ikkje menneske om bord, men sauen Shaun fekk plass.

Shaun flaug forbi månen to gonger, og passerte så nære som 130 kilometer frå overflata, opplyser ESA.

Ved hjelp av månen si tyngdekraft, dreiv romfartøyet 430 000 km frå jorda. Det er lenger enn noko menneske, eller sau, har reist.

Sauen Shaun er den første europeiske astronauten som har dratt til månen og tilbake. Han var med på den første reisa til NASA-programmet Artemis, som har som mål å få menneske på månen. | Foto: ESA/Aardman

Artemis-programmet

Artemis er eit romprogram leia av NASA, i samarbeid med ESA, JAXA, CSA og komersielle romselskap.

Føremålet til programmet er utforske månen og å førebu bemanna reiser til Mars.

Artemis-programmet har tre fasar:

Artemis 1: Å sende eit ubemanna fartøy rundt månen. Dette vart gjennomført mellom 16. november og 11. desember 2022.

Artemis 2: Bemanna fartøy som skal reise rundt månen. Reisa er planlagt gjennomført i 2024.

Artemis 3: Skal lande på månen med menneske. Det blir NASAs første landing med menneske i nærleiken av sørpolen til månen. Det er planlagt for 2025.

Kjelde: NASA og Arvid Bertheau Johannessen ved Norsk Romsenter