Markus (7) pantar flasker for å kjøpa julegåver til framande

For fjerde år på rad har Markus Sæternes-Bjørge (7) brukt tid på å samla inn tomflasker. Det gjer han for at alle skal kjenna på julegleda.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Denne saka er ein del av det prosjektet «Ein menneskerett – FNs verdserklæring om menneskerettane 75 år». Prosjektet er gjennomført i samband med Framtida Junior med støtte frå Fritt Ord.

For fire år sidan var det FN-dag i Markus sin barnehage. På FN-dagen lærte dei mellom anna om menneskerettar og fattigdom. Men det var éin ting som sette spor hjå Markus. Då han kom heim den dagen, fortalde han mor si at det var mange barn, både i Noreg og i utlandet, med foreldre som ikkje har råd til å gje dei julegåver. Det syntest Markus var heilt forferdeleg, og det skulle han gjera noko med.

– Eg syntest det var veldig trist at mange ungar ikkje får julegåver, så eg ville gjera noko med det, seier Markus.

Men kva kan ein gjera? Korleis kan ein treåring bidra?

Etter litt idémyldring og leiting kom dei fram til Familiestøtten, ein organisasjon som støttar familiar i krise. Familiestøtta bidreg med klede, mat og rådgjeving til familiar som treng det i Bergensområdet. Ikkje minst gjev dei julegåver til barn som elles ikkje hadde fått.

– Familiestøtten gjev heilskapleg hjelp til familiar i livskrise. No er det veldig hektisk for oss, det er særleg i jula folk kjenner at økonomien og moglegheitene deira blir spesielt pressa, fortel Line Midthun Thomas, leiar i Familiestøtten.

FYRSTE GONG: Markus starta prosjektet sitt då han berre var tre år gammal. | Foto: Privat

Thomas fortel at Familiestøtten og liknande organisasjonar opplever enorm pågang i desember, både frå dei med behov og dei som vil gje.

– Om lag halvparten av dei me hjelper tek kontakt i desember, men desember bringar òg stor gjevarglede hjå folk flest. Så auka pågang skjer samstundes som me får ei auke i både bidrag og frivillige, fortel ho.

Markus og familien satsa hardt på tomflasker. I fyrste omgang brukte dei det dei fann heime, men det utvida seg raskt til å henta frå naboar, familie og vener. I seinare år har framande teke kontakt for å gje panten sin til ei god sak.

I fire år har Markus gjenteke tradisjonen sin, og potten har vakse enormt.

Starta tidleg

I år starta Markus innsamlinga rett etter skulestart. Heile hausten har han samla tomflasker, panta og spart opp. Årets oppgjer kjem på heile 15 000 kroner.

Potten er blitt så stor at familien måtte leiga ein større bil for å få plass til alle julegåvene, sjølv med varebil måtte dei dela handleturen i to.

– Fyrste runde fekk me kjøpt 89 gåver, fortel mamma til Markus.

Det er mange som har merka seg aksjonen til Markus. Tidleg i desember vart han kåra til Bergens julehjarte av befolkninga i Bergen. Tittelen kom med 15 000 kroner, som han gjev til Familiestøtten.

– Me synest sjølvsagt det Markus gjer er veldig fint og veldig imponerande. At nokon engasjerer seg i så tidleg alder for å hjelpa andre er inspirerande, meiner Thomas.

– Det legg jo eit grunnlag for vidare givarglede. Eg trur og håpar at han kjem til å halda fram med denne typen arbeid seinare i livet, legg ho til.

Markus sine beste julegåvetips

Det Markus synest er det aller kjekkaste ved heile prosessen, er å få gå på leikebutikken og velja ut enorme mengder gåver. Allereie som sjuåring er han nok i stiv konkurranse med dei mest gåvmilde av besteforeldre i tal julegåver kjøpt. Men å handla til folk ein ikkje kjenner, kan vera vanskeleg.

– Når eg vel ut gåver, prøver eg å tenka kva eg hadde blitt glad for sjølv. Eg synest lego, bamsar og bilar er veldig kjekt å få.

– Og så er det viktig å passa på at me kjøper ting som både jenter og gutar, og ungar i ulik alder synest er kjekke, fortel Markus.

I år var innsamlinga så stor at familien måtte leiga ein større bil for å få plass til alle gåvene. | Foto: Privat

Ikkje set for høge krav

Markus håper at andre kjenner på givargleda, spesielt no i jula. Sjølv om han har samla inn store summar, oppmodar han andre til å ikkje henga seg opp i at bidraga må vera store.

– Det viktigaste er at me gjer noko for andre, ikkje ver redd for å gje litt, seier Markus.

Det er Line Midthun Thomas i Familiestøtten samd i. Ho oppfordrar alle som kan, til å gje pengar, tid eller merksemd til saka. Familiestøtten dekker Bergensområdet, men det finst organisasjonar som jobbar for same formål rundt heile landet.

– Matsentralen har eit matkart på nettsidene sine, der kan ein finna ut kven som jobbar i sitt område. Om ein vil, kan ein gå på kjøpesenter og plukka eit julehjarte, eller bidra til innsamlingsaksjonar, fortel Thomas.