Percy Jackson and the Olympians – alt ein vil ha av ein serie

Mi einaste frykt er at serien skal bli dårlegare utover første sesongen, men Percy Jackson and the Olympians har stort potensial til å bli ein av dei beste seriane frå 2023/2024.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Meldinga er basert på dei to første av i alt åtte episodar.

2023 har vore eit år fylt med fantastiske serieadaptasjonar – One Piece, Lessons in Chemistry, American Born Chinese, og no, Percy Jackson and the Olympians.

Den første filmatiseringa av Percy Jackson kom ut for tretten år sidan, og skapte delte meiningar hjå sjåarane.

Percy Jackson and the Olympians

Nasjonalitet/språk: USA, Engelsk

Serieskaparar: Rick Riordan, Jonathan E. Steinberg 

Noregspremiere: Disney+, 20. desember 

Aldersgrense: 9 år 

Sjanger: Fantasy, komedie

Episodar: 8 episodar

Speletid: Ca. 40 minutt

 

Det har gått lang nok tid til å gjenoppliva Percy Jackson-bøkene, no i serieform av Disney+.

I motsetning til filmatiseringane av bøkene, har serien blitt møtt med positive reaksjonar, og det med god grunn.

Oppvekst og fantasy

Sjølv om Percy Jackson and the Olympians først og fremst er fantasy, handlar serien også om ein tolvåring som må navigere gjennom komplekse situasjonar og relasjonar.

Slike ungdomsseriar som utforskar kompliserte tema er noko av det beste eg veit, og Percy Jackson and the Olympians gjer det spektakulært. Desse seriøse temaa blir fortalt gjennom eit barn sitt perspektiv, slik at forteljinga ikkje er dyster og har rom for komedie.

 

I serien følgjer me den tolv år gamle Percy Jackson som slit med å passa inn på skulen. Gjennom skulegangen har han berre hatt éin venn, Glover.

Når Percy blir skulda for å dytte ein elev i vatn, blir ein ny del av livet hans avslørt.

Mor til Percy fortel han at han er ein halvblod, son av ein gud og ein dødeleg. Etter ein skremmande slåstkamp med eit vesen, blir Percy nøydd til å reise til ein sumarleir for halvblods. Når Percy får vite kven faren hans er, reiser han på eit oppdrag saman med Annabeth og Grover til underverda.

Unge talent

Det første eg la merke til då eg byrja på serien, er at karakterane er spelt av ungar som faktisk ser ut som tolvåringar.

Eg er lei av å sjå seriar som handlar om ungdommar bli spelt av skodespelarar som er openbert eldre enn karakterane sine, det tek vekk frå innlevinga av forteljinga.

Sjølv om dei fleste borna i serien er ferske skodespelarar, er dei utruleg flinke og har stort potensial.

Rollebesetninga består av lovande barneskodespelarar, blant anna Walker Scobell (Percy Jackson), Leah Sava Jeffries (Annabeth Chase), og Aryan Simhadri (Grover Underwood).

Walker Scobell og dei andre ungdomsskodespelarane liknar på tolvåringar, og med sitt truverdige skodespel, fangar dei essensen av karakterane.

Sidan ungdomskarakterane blir spelt av skodespelarar med lik alder, kjennest interaksjonen mellom karakterane organisk og truverdig.

Ein skal heller ikkje oversjå vaksenskodespelarane, dei er utrulege også. Det er ikkje rart at rollebesetninga er så god når sjølvaste Rick Riodan, forfattar av Percy Jackson-bøkene, er ein av serieskaparane.

Percy Jackson sin barndomsven Grover Underwood (Aryan Simhadri) er ein satyr med geitebein og horn. Foto: Disney+

Visuelt dynamisk

Dei to første episodane av Percy Jackson and the Olympians har alt ein vil ha av ein serie. Ein får nok informasjon til å forstå kva som føregår, men ikkje så masse at det følast unødvendig.

I tillegg blir mykje av handlinga fortald visuelt, noko som gjer serien meir dynamisk, spesielt sidan spesialeffektane er utrulege og blendar veldig godt med den verkelege verda. Desse elementa gjer at ein lever seg djupt inn i forteljinga – og er irritert over at ein ikkje kan binge serien.

Så langt har Percy Jackson and the Olympians imponert meg. Alle aspekta av serien blendar utruleg godt saman, og berre på to episodar blir ein glad i karakterane. Mi einaste frykt er at serien skal bli dårlegare utover første sesongen, men eg skal vera godtruande og seie at Percy Jackson and the Olympians har stort potensial til å bli ein av dei beste seriane frå 2023.


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.