Jens (24) brukte julaftan på Discord – oppmodar folk til å stressa ned i jula

Då familien bestemte seg for å utsetja julefeiringa, tok sentralstyremedlem i Humanistisk Ungdom, Jens Huser Andersen, initiativ til ei alternativ julefeiring

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Mora mi skulle jobba på julaftan, så me hadde bestemt at me skulle feira 1. juledag. Difor hadde eg ingenting å gjera på julaftan, fortel Jens Huser Andersen.

24-åringen frå Fredrikstad er aktiv i sentralstyret til Humanistisk Ungdom. I fjor jul høyrde han nyheitssaker om studentar som sat fast på hybelen og ikkje kom seg heim til jul.

Han bestemte seg difor for å leggja ut ei melding der det stod:

Julekveld på Discord

Ungdomsorganisasjonen har ein eigen Discord-server der medlemmane kan møtast i ulike kanalar og spela eller chatta om stort og smått.

Huser Andersen sat på Discord frå klokka 12 på føremiddagen til rundt 23 på julekvelden i fjor. Han fekk selskap av mellom fem og sju andre, som anten sat åleine på julekvelden, eller trong ein pause frå familiefeiringa.

– Sidan familien min flytta feiringa til 1. juledag, kjendest det ikkje så annleis, men så ser eg alle venene mine legg ut Snapchat av at dei opnar gåver, medan eg et Grandiosa og sit på pc-en. Det kjendest litt einsamt i starten, særleg før me var så mange, men etter kvart vart det ganske god stemning, minnest han.

24-åringen synest den digitale feiringa var fin, fordi det senka terskelen for å både koma og gå.

Deltakarane laga ei ny juleverd i Minecraft, med julelandsby og julestemning.

– Me snakka litt om alt mogleg, kvifor du er her, kva planar folk hadde for jula, men òg kva som skjer i verda, kva som skjer til neste år. Me snakka om alt mogleg, men ikkje så mykje om sjølve jula.

Det perfekte stresset

I år vil 24-åringen bruka veslejulaftan på Discord for andre i Humanistisk Ungdom som har lyst på nokon å snakka med.

Han oppmodar folk til å ta ein djup pust og prøva å ikkje stressa så mykje med å skapa den perfekte jula, som ein ser på tv eller i sosiale medium.

– Ein kan føla på at ein har ein familie som har skilte foreldre eller kva det er, og tenkja at eg har ikkje same jul som til dømes venninna mi. Ein må ikkje samanlikna seg med alle andre, då kan ein fort gå ned i eit kaninhol med mørke tankar.

Instagram-løgna

For 24-åringen er det viktigaste med jula å vera saman med familie og dei han er glad i, men han kan som andre kjenna på ambivalensen.

– Då eg var liten, syntest eg at jula var det aller beste, fordi det var masse gåver og leiker. Jo eldre eg har blitt, jo meir har eg følt at når ein skal få til noko med familien, kan det bli mykje krangling og mykje stress. Ein brukar så mykje energi på å laga den perfekte jula at ein blir overarbeidd og stressa og kort i lunta. Eg er veldig glad i jula, men det er ofte slik at eg blir sliten av det og gler meg til det er over, seier Huser Andersen.

 

Han meiner at det i dagens samfunn, med smarttelefonar og sosiale medium, er vanskeleg å ikkje samanlikna seg med andre. Difor er det viktig å minna seg sjølv på å tenkja kritisk.

– Det du ser på Instagram er ikkje nødvendigvis sanninga. Bak det perfekte juletrebiletet kan det vera eit helvete med mor og far som har krangla for å få på det perfekte serviset. Ein må minna seg sjølv på at alle andre stressar òg. Ein er ikkje åleine om å stressa seg i hel i jula.

Mental helse i jula

Mental Helse Ungdom sin hjelpechat held i år ope i jula for fjerde år på rad. Dei har 35 frivillige frå heile landet som skal svara på anonyme meldingar kvar kveld heile jula.

Fagansvarleg for hjelpechatten, Silje Christine Austveg, er førebudd på at det kan koma mange meldingar i juledagane.

– Det er ei tid som kan vera vanskeleg for mange. Ein føler at ein ikkje passar inn i dei vanlege juletradisjonane ein ser på tv, og ting kan vera litt vanskeleg. Det er knotete familierelasjonar og mange som står utanfor sitt vanlege behandlingstilbod, seier Austveg.

Fagansvarleg for hjelpechatten til Mental Helse Ungdom, Silje Christine Austveg. Foto: MHU

Ho peikar på at rutinar er veldig viktig for mange, og at det kan vera krevjande med ei tid der desse opphøyrer.

– Me har mykje av dei same temaa som går igjen kvart år. Det er depresjon, angsttematikk og sjølvmordstankar. Det me ser frå tidlegare år er at einsemd, familierelasjonar og rus dukkar oftare opp enn vanleg i jula.

Ta ein timeout

Austveg meiner at det å snakka med nokon kan letta på situasjonen, slik at ein forstår at ein ikkje er åleine.

– Det kan vera vanskelege familierelasjonar samstundes som ein kan kjenna på eit press om at ein skal ha det bra og vera glad. Då kan det vera lettare å snakka med nokon utanforståande, som ikkje står midt i det.

Ho oppmodar folk i jula til å våga å spørja korleis andre har det, og våga å stå i samtalane. I tillegg er det viktig å vera raus med seg sjølv, og somme tider setja eigne behov før familien.

– Det er ok å ta seg ein timeout og gå ein tur om det følest riktig, meiner Aust.