New Zealand vil forby mobiltelefon på skulen
Den nye statsministeren la inn forslaget i løpet av sine første dagar på jobb.
NTB skriv at regjeringa på New Zealand planlegg å forby mobiltelefonar på skulen for å betre lesekunnskapane til elevane.
Måndag denne veka blei den tidlegare flyselskapssjefen Cristopher Luxon ny statsminister i landet etter seks veker med forhandlingar om ei koalisjonsregjering.
Under valkampen har Luxon lova at han vil forby mobilbruk i skulen i løpet av sine første hundre dagar på jobb.
– Me kjem til å forby mobiltelefonar på skular over heile New Zealand, sa statsministeren under eit skulebesøk i Auckland fredag, melder den tyske avisa Deutsche Welle.
«Krise i klasserommet»
Skular i New Zealand har lenge vore noko landet har vore stolt over. No viser testar at lese -og skriveevna til newzealandske elevar har nådd eit nivå som fleire forskarar kallar ei «krise i klasserommet».
Ifølgje NTB åtvara forskarar på eit utdanningssenter i New Zealand om ei lesekrise etter å ha avdekt at éin av tre 15-åringar knapt kunne lese og skrive, i 2022.
Luxon meiner tiltaket vil stoppe forstyrrande oppførsel og hjelpe elevane med å fokusere, skriv DW.
Vil ikkje ha totalt forbod
Ifølgje Radio New Zealand støttar dei fleste newzealendarar eit forbod mot mobilbruk i klasserommet, men ikkje i friminutta.
I ei undersøking gjort av Horizons Research svarar 63 prosent av vaksne med born i hus at dei føretrekker dette tiltaket framfor eit totalt forbod slik Luxon ynskjer.
Tal frå undersøkinga viser også at 56 prosent svarar at dei støttar eit forbod mot mobilbruk heile skuledagen, medan 16 prosent meiner det ikkje bør vere forbod i det heile.