Fleire taper på kryptovaluta

Fleire rapporterer virtuelle eigedelar som kryptovaluta i skattemeldinga i år enn før. For første gong er tapa større enn gevinstane.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Talet på personar som har gitt opplysningar auka frå 43.415 i 2021 til 48.150 i 2022, viser ferske tal. I 2020 var det berre 15.251 personar som rapporterte at dei eigde virtuelle eigedelar, skriv Skatteetaten i ei pressemelding.

– Etterlevinga er framleis for låg. Men vi har sett ei gledeleg betring over tid, og at fleire sjølv vel å rette dei tidlegare skattemeldingane sine. Hugs at du har høve til å endre opplysningane og levere skattemeldinga på nytt i tre år etter innleveringsfristen dersom du har noko å rette opp, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

Av dei som gir opplysningar i skattemeldinga om at dei eig virtuelle eigedelar, er 85 prosent menn. Den største andelen av dei som opplyser at dei eig virtuelle eigedelar er under 30 år.

Det er første gong Skatteetaten ser at tapa er større enn gevinstane.