Oslo skal heite «Oslove» på samisk

Eit einstemmig kultur- og utdanningsutval i Oslo har blitt einige om å gå inn for namnet.

Åshild Slåen
Publisert

På byrådsmøtet vart kultur- og utdanningsutvalet i Oslo einige om at «Oslove» skal bli det nye sørsamiske namnet på byen. Det skriv NRK.

Namnet blir vedteke i desember. Det går mot tilrådinga frå Sametinget si stadnamnteneste, sidan det har vore få skriftlege kjelder på det sørsamiske ordet Oslove. Likevel har det vore lokalt engasjement for namnet, blant anna frå ungdomsorganisasjonen Noereh, som brukar Oslove om hovudstaden.

Prosessen for å få til eit samisk namn på hovudstaden starta allereie i 2019. Byrådet vil også ha namn for Oslo kommune på dei tre offisielle samiske språka. Dei søker no om namna Osloven tjïelte på sørsamisk, Oslo suohkan på lulesamisk og Oslo suohkan eller Oslo gjielda på nordsamisk.