Frå «Skam» til seriemordar – Carl Martin Eggesbø om si nye rolle

I januar står Carl Martin Eggesbø på scena på Det Norske Teatret som den italienske seriemordaren Roberto Zucco, som herja på 80-talet.

Ottman El Bouhali
Publisert

 – Eg syns det er interessant, korleis ein fortel ei historie. Ein mordar kan godt bli ein helt, det kjem an på korleis ein fortel historia, seier skodespelar Carl Martin Eggesbø

På Det Norske Teatret i januar, kjem skodespelet Roberto Zucco. Publikum vil bli møtt av den vakre og intelligente seriemordaren, Roberto Zucco, spelt av Carl Martin Eggesbø.

Rolla som seriemordar

Stykket, skrive av Bernard-Marie Koltès, handlar om den italienske seriemordaren frå 1980-talet som lèt til å ha ei fin framtid, men som har ei grov og grotesk side ved seg som mordar utan motiv.

Samanlikna med tidlegare roller i Kampen om Narvik (2022) og hans gjennombrotsrolle i serien Skam (2015), er rolla som italiensk seriemordar ein kontrast.

Å gå frå helt til skurk, er ein tydeleg kontrast. Men Eggesbø har eit veldig nyansert syn på rolla som seriemordar.

– Alle karakterar er ulike, men det er menneske som har både det gode og det vonde. I Kampen om Narvik blir hovudpersonen ein slags helt, sidan me har laga ein film om han, men eigentleg så er han ein ganske normal mann. Roberto Zucco kan då på ein måte vere ein slags helt avhengig av korleis du les historia.

Ulike historier

Eggesbø synast at det er gøy å spele i framsyninga, sjølv om han synast at prøvetida er kjedeleg. Samtidig synast han at det er veldig interessant og inspirerande å jobbe med stykkets regissør Ivica Buljan. Roberto Zucco har premiere 12. januar 2024.

Eggesbø er flink til å komme med skildringar av rolla han spelar, som viser tydeleg refleksjon ovanfor karakteren han skal opptre som. Han synast at det er interessant korleis me tolkar karakterar som Zucco.

– Det er lett å sjå for seg ein mordar eller ein kriminell, så ser ein for seg ein som er slem eller nokon med eit vondt blikk. Han kunne ha spelt helt, men er i staden for mordar, fortel han.

Eggesbø fortel vidare om korleis me oppfattar forskjellige karakterar på ulike måtar, som er med på å gje ei annleis historie.

– For å seie det heilt banalt og brutalt: Viss tyskarane hadde vunne krigen, så hadde me fortalt andre historier enn det me fortel i dag.

Frå lerretet til scenen

– Kva fekk deg til å bli skodespelar? Var det noko som inspirerte deg?

– Det veit eg ikkje, eg har fått det spørsmålet fleire gongar. Det er ikkje nokon konkret hending. Eg hugsar berre at eg sa ofte då eg var liten at det var noko eg hadde lyst til å bli. Kor det starta det veit eg ikkje. Men eg trur at eg var veldig glad i å underhalde og snakke med menneske.

– Du har vore i både film og serie, men korleis er det å vere på scena framfor publikum samanlikna med det å vere framfor kamera?

– Det er veldig forskjellig. Eg likar å tenke at eg lyttar med heile kroppen, og i teater kan du lytta til publikum og du får ein direkte respons. På film må eg lytte til andre ting, og det er fleire verktøy i spel. Du kan klippe det, sette elementa saman på ein heilt annleis måte. Eg likar begge delar.

Overraska over «Skam»-rolle

– Ville du ha sagt at film gir ganske eit sterkare inntrykk enn teater?

– Nei. Eg trur det handlar meir om den enkelte framsyninga eller filmen enn sjølve mediet. Eg likar betre å gå på kino, enn å sjå film heime. Lyd og bilde er betre, og å sitte med andre folk, det er sterkare. Men du kan ikkje lukta skodespelarane eller scenografien, som ein kan på teater. Eg likar at på teater så er det noko som skjer her og no.

– Er det ei spesifikk rolle som du likte godt å spele?

– Det er lett å seie Skam. Det kom overraskande på meg, og eg fekk leike meg veldig. Men også rollene i Den Største Forbrytelsen, Kampen om Narvik og det eg har gjort på teater. Eg har fått lov til å gjere ein del kule ting – så eg er heldig.