Ny rapport: Det er meir pengar og fleire kvinner i spelbransjen
Det har det siste året vore ein markant vekst i både omsetning, tilsettetal og kvinneandel i den norske spelbransjen, går det fram av ein ny rapport.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
«Spillrapporten 2023» er utarbeidd av Virke Produsentforeningen og Norsk filminstitutt. Rapporten vart overrekt statssekretær Even Aleksander Hagen (Ap) i Kultur- og likestillingsdepartementet under eit seminar på Filminstituttet onsdag, der temaa inkluderte talentutvikling og profesjonalisering av spelbransjen.
«Spillrapporten 2023» viser at omsetninga av norske spel var på 652 millionar kroner i 2022. Det inneber ein auke på 47 prosent på eitt år og ein auke på 115 prosent på fem år (2017–2022).
Talet på fast tilsette i bransjen er meir enn tredobla dei siste fem åra, og auken her er på ikkje mindre enn 70 prosent det siste året.
Kvinneandelen blant dei tilsette i den norske spelbransjen nærmar seg ein tredel med 29,2 prosent i 2022, mot 22 prosent i 2021.
– Norske dataspel får sterkare kulturelt gjennomslag, samtidig som bransjen, dei nye prosjekta og kvinneandelen i bransjen veks. Resultata viser at vi er på rett veg, dette er svært godt nytt, kommenterer kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).