Og i bryllaupet skal det vere AC/DC på høgtalarane.

Åshild Slåen
Publisert

Det er tre år sidan Elias von Krogh sleppte debuten Sketches med bandet Von Krogh, og låg fleire veker på toppen av P3 si Urørt-liste.

Trass i karrierevalet, blir det ikkje så mange timar med musikklytting om dagen på Krogh.

– Før ville eg kanskje sagt minst éin time om dagen, men dei siste åra har det gått ned. Eg høyrer kanskje toppen 30–40 minutt, viss eg i det heile tatt høyrer på musikk i løpet av dagen, skriv han på e-post til Framtida.

Og den siste tida har truleg gått meir til eigen musikk.

No i oktober er han tilbake med albumet Waves, med ni splitter nye songar.

Tulle-engelsk med Trond-Viggo

– Om du fekk vere på Hver gang vi møtes, kven skulle du vore med, norske eller internasjonale?

– Kor mange plar det å vere med der då? Nummer ein: Trond Viggo Torgersen. Å JA! Treng eigentleg ikkje fleire.

Han finn likevel fram til litt fleire:

– Sondre Lerche, Susanne Sundfør og Joni Mitchell. Det bør vere nok.

Fakta

  • Namn: Elias G. von Krogh
  • Band: Von Krogh
  • Alder: 28 år
  • Frå: Fredrikstad
  • Aktuell med: Albumet Waves

Han kunne tenke seg å høyre Mitchell tolke låten Birds, frå det nye albumet.

– Det hadde sikkert fått meg til å grine.

– Kva låttolking ville du sjølv spelt for ein annan av artistane?

– WOAAAWOOOOH JUGONNERÆKSILYTEIKALEI! Hjalmar av Trond Viggo, sjølvsagt!!

Drøymeduettar og skamfulle gleder

Lite lytting til musikk i kvardagen hindrar ikkje Krogh frå å ha favorittar. Sjangermessig er det alternativ rock som gjeld, medan favorittlåten er Take it with me av Tom Waits.

– Kva er favorittbandet eller artisten?

– Eg deler gjerne opp i band og artist: Radiohead og Jeff Buckley. Og Benjamin Clementine.

Jeff Buckley følgjer med vidare til draume-duettpartnar, dersom han hadde vore i live. Krogh skulle gjerne sunge Homesick av Kings of Convenience saman han, ein låt han skildrar som nedpå og nydeleg. Men dersom det ikkje går:

– Thomas Dybdahl lever jo! Thomas på same låten!

– Kva er din guilty pleasure?

– Eg kan ikkje noko for at eg synest Taylor Swift har ganske god teft for pop. Ikkje min feil.

Dette høyrer han på når han er …:

… glad: I Know What I Like (And I Like What I Know) av Genesis.

– Sånn, ferdig. Eg kjem ikkje på ein annan låt som får meg i betre humør. Nokre av dei mest kjente Stevie Wonder-låtane kan gjere mykje godt, men akkurat den Genesis-låten er uslåeleg. Og eg høyrer ikkje noko særleg på Genesis eingong!

… lei meg: Jeff Buckleys nydelege Grace.

– Eit album det er godt å sippe til, på både den eine og den andre måten. Som skapt for hjartesorg, og folk som likar kul musikk og fine stemmer.

… sint: Litt usikker. NRK Klassisk, kanskje?

… treng ein sjølvtillitsboost: Ol’55 av Tom Waits.

– 100 prosent garanti for litt betre sjølvkjensle. Kvar gong!

 

Sondre og Aurora

– Kva var det første albumet du kjøpte sjølv?

– Det må ha vore noko av Sondre Lerche. Mogleg det til og med var hans sjølvtitulerte Sondre Lerche frå 2011. Første LP-en eg kjøpte var i alle fall Phantom Punch av Sondre Lerche. Den fyren har laga mykje bra musikk i lang tid!

– Kva synest du i dag om musikksmaken din som tenåring?

– Optimisten i meg ville sagt «du er LITT inne på noko», gjennom all vrælinga til emo-banda frå USA som eg høyrde på. Eg kan framleis stå inne for My Chemical Romance, deira The Black Parade held seg som ein rockeopera!

– Kva syng du i dusjen?

– Eg har ofte ein plutseleg trong til å synge Aerosmith og Abba, gjerne i falsett. Men dei er liksom ikkje berre for dusjen. Abba kjem frå mamma, Aerosmith er eg ikkje heilt sikker på.

– Kva/kven er verdas mest undervurderte band/musikar?

– Trur ikkje eg kjenner til VERDAS mest undervurderte artist, så eg slenger ut namnet til ein eg meiner fleire burde høyre: Benjamin Clementine, og debuten hans At Least For Now. Ei nydeleg plate om ei nesten usannsynleg historie, vegen frå fattig gatemusikar i Frankrike til musikar med store draumar i England. Ei veldig inspirerande plate!

Det er ikkje så lenge sidan han hadde si største konsertoppleving. Då må han tilbake til Øya 2022, då Aurora sto på scena.

– Det var eit så mektig opplegg, nydeleg musikk, nydeleg framføring, men også så kult å føle på at x-antal tusen menneske vart redusert til EITT publikum i kontakt med artisten. Aurora har ei evne der.

– Kva låt skulle du ynskje du hadde laga?

– Ganske glad for at alle låtane eg liker er laga av folka dei er laga av, trur ikkje eg ville likt mine versjonar betre! Kanskje bursdagssongen, då hadde eg blitt milliardær av alle rettane.

–Kva for artist (levande eller død) ville du stått fast med i heisen? Og kva ville du snakka om?

– Dette er faktisk et mareritt for meg, heis er ikkje feitt i utgangspunktet. Trur Bjørn Eidsvåg eller kong Harald (begge to helst i live) ville vore samlande nok til å roe meg ned. Blir sannsynlegvis det vi snakkar mest om, korleis vi roar meg ned.

Svart bryllaup og danskebåten-gravferd

– Kva meiner du er verdas beste kjærleikslåt?

– Den trur eg ikkje finnast enno, det er vel difor det blir skrive nye kjærleikslåtar kvar einaste dag.

Låten som skal spele under bryllaupet hans har han likevel klar:

Back in Black av AC/DC. På repeat, spelast på orgel på veg opp til alteret.

– Kva låt vil du ha i gravferda di?

– Ein av mine eigne. Eg har ein låt som handlar om å leve siste del av livet på danskebåten. Kan utstyre kista mi med høgtalarar som blæstar låten i loop, og sender meg ned Glomma mot havet. Eg vil at det skal stå «Danskebåten» på kista.