Bufdir vurderer mellombels stans i alle adopsjonar frå utlandet

Bufdir vurderer å mellombels stoppe alle adopsjonar frå utlandet etter ei rekke avsløringar om ulovleg adopsjon.

NPK-NTB
Publisert

– I lys av det biletet som har teikna seg opp no, og at vi har stansa adopsjonar frå enkelte land dei siste åra, tenkte vi at det var fornuftig å ha ei overordna, prinsipiell vurdering av behovet for ein mellombels stans for adopsjonar, seier direktør Hege Nilssen i Bufdir til VG.

Bufdir skal sende over konklusjonen sin til Barne- og familiedepartementet, som skal ta den endelege avgjerda.

Barneminister Kjersti Toppe (Sp) har sett ned eit utval som skal granske adopsjonar frå alle land som Noreg har adoptert frå.

Ein eventuell adopsjonsstans kan vare fram til 2025, då utvalet etter planen skal vere ferdig med granskinga si.

– Som direktorat er vi opptekne av at framtidige adopsjonar skal vere trygge, seier Nilssen.