Marvel-stjerne skal spele ikonisk Ibsen-karakter

Skodespelar Tessa Thompson og regissør Nia DaCosta går frå Marvel-universet til Henrik Ibsen.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Nia DaCosta (34) er for tida aktuell som regissør av den nyaste filmen i Marvel-universet, The Marvels, som følger heltane Captain Marvel (Brie Larson), Ms. Marvel (Iman Vellani) og Monica Rambeau (Teyonah Parris).

Når skodespelarstreiken i Hollywood no er over, er DaCosta klar til å ta fatt på sitt neste prosjekt, og då beveger ho seg frå Marvel til sjølvaste Henrik Ibsen. Den neste filmen hennar vil vere ein adaptasjon av Ibsen-skodespelet Hedda Gabler, melder VG.

Regissør DaCosta fortel til VG at ho gledde seg til å komme i gang med innspelinga så snart skodespelarstreiken var over – noko han altså er no.

– Vi har gjort nokre oppdateringar på teksten, men eg elsker dette stykket så høgt. Det er eitt av mine favoritt-teaterstykke. Eg gler meg veldig til å få adaptere det og vri litt rundt på det, seier ho til VG.

Nia DaCosta tar fatt på Henrik Ibsen. | Foto: AP Photo/Kin Cheung

Hysterisk og demonisk

Ifølge Den Nasjonale Scene var Hedda Gabler stykket som verkeleg gjorde Ibsen til ein verdskjend dramatikar.

Store Norske Leksikon skildrar stykket som eit psykologisk drama og ein «studie i en aristokratisk og dypt hemmet kvinnes forstilte, maktesløse og undergangsdømte forsøk på å finne lykke, skjønnhet og mening i livet».

Då stykket kom ut i 1891, vart hovudpersonen Hedda skildra av kritikarane som morbid sjølvopptatt, abnormal, grufull, gal, hysterisk og demonisk. Det er med andre ord ei historie om kvinnefrigjering og ein hovudperson som bryt med forventingane til samfunnet.

Frå mytologi til Ibsen

I den kommande filmversjonen av dramaet er det Thessa Thompson som har rolla som Hedda Gabler. Thompson er også kjend frå Marvel-universet, der ho speler karakteren Valkyrie, som er basert på norrøn mytologi.

Tessa Thompson speler Valkyrie i Marvel-universet, her i filmen Thor: Love and Thunder. Foto: Jasin Boland. ©Marvel Studios 2022. All Rights Reserved.

DaCosta er tidenes yngste regissør av ein Marvel-film, og den første afroamerikanske kvinna i same kategori. Ho har også stått bak filmane Little Woods (2019), og Candyman (2021).


Rachel Zegler og Tom Blyth speler Lucy Gray Baird og unge Coriolanus Snow i The Hunger Games: The Ballad of Songbirds and Snakes. Foto: MURRAY CLOSE/LIONSGATE