Tyskland ber Tanzania om tilgjeving for massakre
Den tyske presidenten sa unnskyld for at landet slo ned på eit opprør på starten av 1900-talet, der dei drap nesten 300 000 menneske.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den tyske presidenten Frank-Walter Steinmeier har bedt om tilgjeving og uttrykt skam for at tyske styrkar drap nesten 300 000 personar i Tanzania på starten av 1900-talet.
Tanzania var då ein del av kolonistatane i Tysk Austafrika, og gjorde opprør mot lovar som ville tvinge innbyggjarar til å dyrke og eksportere bomull. Det såkalla maji-maji-opprøret fann stad mellom 1905 og 1907.
President Steinmeier besøkte eit museum i Songea, der opprøret fann stad.
– Eg ynskjer å be om tilgjeving for det tyskarar gjorde mot forfedrane dykkar her, sa han ifølgje BBC.
Etter å ha møtt med presidenten av Tanzania, Samia Suluhu Hassan, på tysdag, lova han at Tyskland ville samarbeide om å gi tilbake viktige tyske kulturgjenstandar.
Steinmeier møtte seinare med etterkommarar av høvding Songea Mbano, ein viktig leiar av opprøret, som vart avretta i 1906. Leivningane til Mbano vart frakta til Tyskland, og den tyske presidenten fortalde Mbano sine etterkommarar at Tyskland skal forsøke å finne dei att.
Tyskland har tidlegare formelt bedt om orsaking til Namibia. I 2021 laga dei ei avtale der dei vedkjente å ha gjennomført eit folkemord i landet på herero- og namafolket, og lova økonomisk oppreisning til folka som vart påverka. Denne avtala er framleis ikkje signert av dei aktuelle folkegruppene i Namibia.