Det yngste kinesiske mannskapet nokosinne blir sendt til verdsrommet
Snittalderen på mannskapet er 38 år.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
26. oktober sende Kina tre astronautar, Tang Hongbo, Tang Shengjie og Jiang Xinlin, ut i verdsrommet. Dette er det yngste mannskapet Kina nokon gong har sendt ut i verdsrommet, med ein snittalder på 38 år.
Mannskapet kjem blant anna til å forske på rommedisin og romteknologi medan dei er på stasjonen.
Dei erstatta tre av astronautane som har vore på romstasjonen deira i seks månader, og som landa på jorda att 30. oktober.
Kina har som ambisjon å sende eit kinesisk mannskap til månen innan 2030. I 2003 vart Kina tredje land i verda som sende mannskap ut i verdsrommet utan hjelp frå andre land. Russland var først 12. april 1961, før USA klarte det same nokre veker seinare 5. mai.