Skal du på halloweenfest og har lyst til å vise at du følgjer med på det som skjer i samfunnet? Her er inspirasjon til kostyme basert på små og store hendingar som har prega nyheitsbiletet i 2023.

Birgitte Vågnes Bakken, Marie Knutsen Bruntveit, Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

1. Skatteflyktning

Det siste året har riking på riking tatt med formuen og «flykta» frå det norske skattesystemet til Sveits. Kanskje ikkje det skumlaste kostymet å gå for på halloween, men rikingane fryktar jo dei norske skattereglane, og skatteflukta kan seiast å vere ganske skummelt for den norske skattekassa.

Kostyme:

Ta på deg dress, ha med ein koffert med pengar, eller kanskje du kan la pengar stikke ut av lommene i dressjakka. Topp det heile med eit sveitsisk flagg.

Kollasj: Framtida.no | Foto: Lebone via Pixabay, Jazella via Pixabay, SCR3AMFR3AK via Pixabay, Commongt via Pixabay.

2. Solbrille-Moxnes

Den tidlegare leiaren av partiet Raudt måtte gå av då det kom fram at han hadde stole eit par solbriller på Tax Free-en på Gardermoen. Dette kostymet viser at du følgjer med på politikk og er nok av det meir satiriske slaget. Men, tjuvar kan jo vere ganske skumle å møte på. Dei andre på festen må passe på så dei ikkje mistar brillene sine i løpet av kvelden med deg i nærleiken.

Kostyme:

Alt du treng er eit par solbriller, gjerne av typen pilotbriller frå Hugo Boss, med prislapp . Byt ut handveska med ein Tax Free-pose.

Kollasj: Framtida.no | Foto: Daniel Schludi via Unsplash, OpenClipart-Vectors via Pixabay, padrinan via Pixabay, Raudt

3. Renteheving

Sentralbanken har heva styringsrenta fleire gonger i år. No er ho oppe på 4,25 prosent. Sentralbanksjefen har òg signalisert at det kan kome enda ei renteheving i år. Dei mange rentehevingane er noko nordmenn merkar godt på lommeboka, så det må kunne seiast å vere eit skikkeleg skummelt kostyme. Her kan du vere miljøvenleg og bruke opp att kostymet frå i fjor. Også då var renteheving med på Framtida si liste. Men no kan du gjere kostymet enda skumlare fordi renta er enda høgare …

Kostyme:

Kva med å kle deg ut som sentralbanksjef Ida Wolden Bache? Klipp deg blond bob (eller finn ein parykk), og kle deg i dressjakke, skjørt eller powersuit. Prikken over i-en: viktige papir i hendene, gjerne med siste renteheving i raudt.

Eit anna alternativ er å rett og slett gå som den noverande styringsrenta. Teikn ein graf og skriv renta i raudt på ei kvit t-skjorte. Det vil nok få mange til å grøsse.

4. Fosen-vindmølle

Fleire gonger i år, seinast i oktober, har aksjonistar demonstrert mot Fosen-vindmøllene. Det er no over to år sidan høgsterett slo fast at vindmøllene bryt med samane sine urfolksrettar. Menneskerettsbrot er skummelt, så her har du moglegheit til å vise både samfunnsengasjement, kreativitet og få folk til å grøsse.

Kostyme:

Er du god i kunst og handverk, klarar du sikkert å lage eit stilig vindmøllekostyme ved å sy eller lage noko av papp. Er du av den mindre kreative typen, kan du kjøpe ei lita, elektrisk handvifte og skrive Fosen på t-skjorta. Kle deg gjerne i sølv eller kvitt, som ei vindmølle.

Illustrasjonar: Clker-Free-Vector-Images via pixabay, abbiepaulhus via pixabay start2finish via pixabay, OpenClipart-Vectors via pixabay. Kollasj: Framtida.no

5. Erna og Sindre

Gjer som bloggar og forfattar Linnéa Myhre og lag parkostyme ut frå Sindre Finnes-saka. Aksjekjøpa til ektemannen til Noregs tidlegare statsminister har vore ei stor sak den siste tida. Erna Solberg (H) har sagt at ho truleg har vore inhabil i ei rekkje saker på grunn av aksjehandelen. Kontrollkomiteen har kalla inn til ei høyring 7. november. Igjen eit kostyme som heller meir mot samfunnssatire enn skrekk, men politikarar som ikkje klarar å halde seg til reglane er ganske skummelt for demokratiet.

Kostyme:

Du kan lage eit parkostyme der ein er Erna Solberg og den andre er Sindre Finnes. Du kan til dømes stille i blå klede og Høgre-logo som Erna og med blått slips, dress og papir med ei lang liste over aksjekjøp som Sindre.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Linnéa Myhre (@linniiie)

6. Taylor Swift og Travis Kelce

Taylor Swift har dominert både musikkverda og underhaldningsnyheitene det siste året. Her er det mange moglegheiter. Du kan kle deg i eit av dei ikoniske antrekka frå Eras-turneen eller musikkvideoane hennar. Og er du på jakt etter eit parkostyme du kan ha med kjærasten eller ein god ven, kan de gå som eit av årets mest omtalte kjendispar. Pressa har kasta seg over det påståtte forholdet mellom songaren og den amerikanske fotballstjerna Travis Kelce. Du vinn nok ingen pris for skumlaste kostyme for dette, men du held deg aktuell.

Kostyme:

Par: Valfritt Taylor Swift-antrekk (til dømes kvit singlet og raud jakke, som ho hadde på seg då ho heia på han frå tribunen) og amerikansk fotballtrøye.

Aleine: Er du swiftie og vil ha eit skikkeleg skummelt kostyme, er zombie-Taylor frå musikkvideoen frå Look What You Made Me Do ein sikker vinnar. Eit anna alternati er å gå som eit av spøkelsa frå musikkvideoen til Anti-Hero. Laken, solbriller og hatt – og du er klar!

taylor swift GIF

7. Barbie og Ken

Barbie-filmen toppa kinolistene gjennom sommaren, og hovudrollene Barbie (Margot Robbie) og Ken (Ryan Gosling), opnar for mange artige kostyme. Filmen er langt frå ein skrekkfilm, men antrekket kan jo vere litt skummelt viss du er av dei som synest Barbie og Mattel har ein skummel påverknad på unge. Somme synest kanskje òg den feministiske tonen i filmen var litt skummel.

Kostyme:

Barbie: Her er det eigentleg berre å finne fram alt rosa du har i skapet og dolle deg opp som ei Barbie-dokke. Er du ekstra dedikert, kan du prøve å gjenskape til dømes rulleskøyteantrekket eller det rosa cowboyantrekket frå filmen.

Til rulleskøyte-Barbie treng du:

  • rosa shorts
  • badedrakt
  • knebeskyttarar
  • solskjerm

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Barbie (@barbie)

Til cowboy-Barbie treng du:

  • rosa vest
  • rosa slengbukse
  • cowboyhatt

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av BARBIE (@barbiethemovie)

Ken: Også Ken opnar for mange spanande kostyme. Kva med å skrive «I am Kenough» på ei t-skjorte eller ein genser og ha bandana på hovudet?

Eller vil du kanskje heller vere mojo-dojo-casa-Ken? Ta på solbriller, bandana og (fuske) pelsjakke.

Style Deal With It GIF by Warner Bros. Deutschland

For cowboy-Ken kan du finne fram cowboyskjorte, cowboyhatt og eit rosa tørkle i halsen.

Hat Doctor GIF by Warner Bros. Deutschland

Eller du kan gå i baris og dongerivest, det er òg ein look!

Happy Ryan Gosling GIF by Warner Bros. Deutschland

Og sist men ikkje minst, rulleskøytekostymet med rosa shorts, solskjerm og knebeskyttarar er ein like stor vinnar som Ken som Barbie.

8. Sophie Elise og Nora

Instagram-biletet som påverkar Sophie Elise la ut saman med Nora Haukland er ei av dei største sakene i det norske mediebiletet i år. På biletet held Nora ein liten pose med kvitt pulver. Det førte mellom anna til ei eiga Debatten-sending og NRK enda til slutt med å droppe Sophie Elise, som hadde podkast hos dei.

Kostyme:

Påverkar Øyunn Krogh og venninna Frida Hollund har allereie kledd seg ut som Sophie Elise og Nora frå det aktuelle biletet. Krogh sa til TV 2 at dei kledde seg ut som ein situasjon som er influensarar sitt verste mareritt. Dei har fått kritikk for kostymet, men om du ikkje er redd for reaksjonar, kan du gjere som dei og gjenskape antrekka.

Sophie Elise:

  • Gjennomsiktig topp
  • Mørk jakke og jeans
  • Blondt hår/parykk

Nora:

  • kvit overdel og jeans
  • mørkt hår/parykk
  • ein liten pose med sukker eller melis

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Øyunn Krogh (@oyunnkrogh)