FNs generalsekretær: – Djupt bekymra for klare brot på den humanitære folkeretten i Gaza

Israels FN-ambassadør krev at generalsekretæren må gå av.

NPK-NTB-Åshild Slåen
Publisert

FNs generalsekretær António Guterres seier han er «djupt bekymra for dei klare brota på den humanitære folkeretten vi er vitne til Gaza».

Guterres’ uttale kom i eit innlegg han heldt i samband med eit møte i FNs tryggingsråd tysdag.

Han nemnde ikkje Israel i uttalen og tok også til orde for ei umiddelbar humanitær våpenkvile for å få inn hjelp til området.

Gilad Erdan, Israels FN-ambassadør, er sterkt kritisk til Guterres’ utsegner om krigen mellom Israel og Hamas.

– Eg ber han om å gå av omgåande, skreiv FN-ambassadør Erdan på meldingstenesta X etter talen Guterres heldt i FNs tryggingsråd.