Det nye Super Mario-spelet byr på nydeleg grafikk og oppdaterte krefter.

Anette Fadnes Marcussen
Publisert
Oppdatert 27.02.2024 15:02

Super Mario Bros. Wonder er eit spel for absolutt alle. Barnefamiliar, tenåringar, einslege vaksne – kven enn du er, er det ein sjanse for at du vil like dette spelet. Mario Wonder har nemleg alle slags moglegheiter.

Visst du for eksempel synest spel som dette kan vere litt vanskelege, kan du spele som Yoshi eller Nabbit. Dei er immune mot skade frå fiendar.

Eller kanskje du synest det blir for lett? Då kan du sjå etter levela med høg vanskegrad.

Sjølv fann eg eit level med fire stjerner i vanskegrad, og visst du klarar det, og levelet som kjem etterpå, får du moglegheita til å dra til ein «Special World», der alle levela er kjempevanskelege.

Dette er noko eg verkeleg sett pris på i Mario Wonder. Ein femåring og foreldra hans kan lett spele saman. I andre Super Mario Bros. spel kan ein og spele multiplayer, men for ein mindre erfaren spelar vil det vere vanskeleg å vere med utan å konstant døy og ende opp med å miste alle liva. I Mario Wonder er dette aldri eit problem på grunn av mangfaldet av moglegheiter.

Nye krefter

Ein ny funksjon introdusert i spelet er «badges». Desse har forskjellige krefter som for eksempel å kunne sveve med hatten sin, hoppe høgare på vegger eller sprette opp igjen når du dett – eit «safety bounce».

«Badges» er enkle å få tak i, og det blir konstant introdusert nye som du kan prøve. Etter mi erfaring vil dei fleste levela ha ei eller anna utfordring som krev eit nyleg introdusert «badge». Dette oppå gamle (og nye) «powerups» gjer Mario Wonder til eit spel med tallause måtar å utføre level på.

Grafikk: 6/6Terningkast 6

Super Mario Bros. Wonder er eit nydeleg spel. I tillegg til at alle karakterar har fått ein nyare utsjånad, har og verdene blitt oppdatert.

Høgt oppe i Fluff-Puff Peaks går du rundt på rosa skyar. Møtepunktet Petal Isles er som eit pit-stop før neste store eventyr.

For ikkje å snakke om den heilt egne verda som er Wonder Flowers. Ein kan ikkje snakke om Mario Wonder utan å nemne «Wonder Flowers» og «Wonder Seeds». Heile poenget med Mario Wonder er nemleg det å finne «Wonder Seeds». I alle levela finst det minst eitt «Wonder Seed», og for å finne det må du først finne ein «Wonder Flower».

Du skjønar med ein gong om du har funne ein, fordi den er stor, svevande og lysande. Den vil og skifte farge etter kva for verd du er i.

I det du hoppar opp og tar på «Wonder Flower»-en, vil heile levelet endre seg. Kva skjer? Det er forskjellig kvar gong! Av og til fyllast skjermen av bobler, ein anna gong kjem det syngande Piranha Plants, og kanskje vil heile perspektivet ditt endre seg. Så lenge du overlever kva enn «Wonder Flower»-en kastar i di retning, vil du få eit «Wonder Seed». Etter det er det berre å finne den klassiske flaggstonga Mario-fans kjenner så godt.

Ein annan ting å nemne med grafikkane er kor glatte alle bevegelsane er. Å spele eit spel og aldri nokosinne tenkje at «oi, det såg litt rart ut» er eit stort komplement i seg sjølv. Grafikkane, animasjonane og utsjånaden generelt er heilt plettfrie – og det er det ikkje ofte ein kan seia.

I tillegg kan prinsessefans sjå fram til å spele som Peach og Daisy. For første gong kan ein og sjå Daisy under effekten av fleire «powerups». Dette er noko nokre Mariofans har venta lenge på. Ein kan og spela som Yoshi eller Toad i eit utval av fargar, Nabbit, og sjølvsagt: Mario og Luigi.

Terningkast 5Innhald: 5/6

Om du har spelt eit Mariospel før kjennar du nok til den vanlegaste «powerupen»: den raude soppen. Flammeblomsten og stjerna er og «powerups» dei fleste kjennar til.

Desse tre er sjølvsagt og med i Mario Wonder, men du treng ikkje spele i fem minutt ein gong før du støytar på ein heilt ny «powerup»: elefantfrukta. Den gjer spelaren om til ein elefant, som er tyngre og sterkare enn vanleg. Ein kan til og med bruke snabelen til å sprute vatn. Ein annan ny «powerup» er bobleblomen, som gjer at ein skyt bobler. Desse kan hjelpe til med å rekke ting du ikkje kan hoppe til sjølv, drepe fiendar, eller til å gi deg sjølv ein boost.

Det har og blitt introdusert ein haug nye fiendar, som gjer spelinga underhaldande og interessant heile tida. Til og med bossane får hjelp av «Wonder power», og er no enda gøyare å slåst mot. Eg skal sjølvsagt ikkje røpe kva som skjer, i håp om at fleire vil plukke opp Super Mario Bros. Wonder.

Historie: terningkast 4Terningkast 4

Som vanleg har Bowser gjort noko fælt og må stoppast av Mario og venane hans. Vanlegvis tar han Peach til fange, men sidan Peach denne gongen er ein karakter du kan spele som, er det ikkje det som skjer.

Heilt i starten av spelet er Mario og venane hans på besøk hos Prins Florian, der Florian glad og fornøgd visar fram kongedømmets «Wonder Flower». Mens dette skjer flyr Bowser inn og stel «Wonder Flower»-en, noko som gjer at han og slottet til Florian blir slått saman til éin. Bowser er no eit slott, og må stoppast før han blir for sterk. Det er spelaren si oppgåve å finne «Wonder Seeds» og «Royal Seeds» og bruke kreftene deira til å vinne over Bowser. Ein klassisk Mario-historie med ein twist.

Lyd og musikk: terningkast 6Terningkast 6

Om ein terning hadde sju sider, ja då hadde eg gitt musikken i Super Mario Bros. Wonder terningkast sju. Det er kanskje ikkje overraskande at eit Mariospel har god musikk, men eg har tatt meg sjølv fleire gongar i å nynne Mario Wonder musikk etter å ha spelt. Det er rett og slett vanvettig fengande.

Nokre level er til og med basert rundt musikken som spelar, noko eg verkeleg elskar.

Musikken endrar seg og etter kva som skjer, og kva «powerup» du brukar. Om du for eksempel er ein elefant, blir musikken litt mørkare og treigare. Slike detaljar som kanskje ikkje merkast med ein gong er det som verkeleg gjer Mario til Mario, synest eg.

PengarPris: ca. 600kr – 700kr

Eg har sett spel heilt nede i 500kr, og nokre heilt oppe i 800kr, men dei fleste teknologibutikkar som Elkjøp, Power og Platekompaniet går for prisen rundt 600 kr – 700 kr. Billegaste er Power med prisen 578kr. Personleg synest eg prisen er litt stram for eit Mariospel, sjølv om det er ein kjent tittel. Likevel synest eg det er verdt det med tanke på originaliteten og morosamheita til Super Mario Bros. Wonder. Spesielt om du allereie har ein Nintendo Switch.

Summert opp: terningkast 6Terningkast 6

Super Mario Bros. Wonder er i konklusjon ein oppleving. I frykt for å bruke alle verdas clichéar: eg har ledd, eg har grått, eg har skrike i sinne, men mest av alt har eg hatt det veldig gøy.

Eg kan heller aldri få sagt det nok at dette er eit spel for absolutt alle. Er du ei mor som lurar på om ungen din kan spele? Ja! Ikkje berre det – de kan spele saman.


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.