Klimarørsla misnøgd med statbudsjettet: – Grått og grådig
Klimaorganisasjonane meiner regjeringa sitt budsjettforslag ikkje er godt nok på bistand og klimafinansiering.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Regjeringa legg opp til klimatiltak med usikker effekt, i staden for det som vi veit vil kutte utslepp, både her til lands og internasjonalt: Å stanse all leiting og utbygging av ny olje og gass, og å verne naturen vår.
Det skriv Spire-leiar Elise Åsnes i ei pressemelding.
– Oljepolitikk
Organisasjonen meiner regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024 ikkje monnar til å ta tak i klimaendringar og konsekvensane av det, og kallar det usolidarisk.
– Så lenge Noregs klimapolitikk er oljepolitikk, vil statsbudsjettet forbli grått og grådig, slår ho fast.
Spire-leiaren merkar seg at bistandspotten er større, men at mindre går til tradisjonelt bistandsarbeid dersom ein justerer for inflasjon.
Klimafinansiering
Changemaker-leiar Marte Hansen Haugan er også skuffa over kor lite pengar som går til klimafinansiering.
– Auka klimafinansiering er eit av dei viktigste og mest rettferdige verkemidla for å stoppe dei verste konsekvensane av klimakrisa, skriv ho i ei pressemelding.
Klimafinansiering er pengar som blant anna skal gå til land som blir ekstra påverka av klimaendringar, men som ikkje har ressursane til å handtere det åleine.
– Innanfor klimafinansiering har Norfund eit klimainvesteringsfond vi skulle ønske Regjeringa såg verdien av, og løyva betydeleg meir pengar enn det som nå legges opp til, legg Hansen Haugan til.
Etterlyser skogvern
Natur og Ungdom reagerer på at regjeringa føreslår å kutte 100 millionar i frivillig skogvern.
– At regjeringa nok ein gong vel å føreslå kutt i eit av dei viktigaste tiltaka for vern er ei skam, skriv Aleksander Snarheim, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom, i ei pressemelding.
Han påpeiker at det reelle kuttet mellom 2023 og 2024 blir på 200 millionar kroner, sidan SV fekk med 100 millionar kroner til frivillig skogvern i revidert budsjett 2023
I fjor skreiv regjeringa under på FN si naturavtale, der dei pliktar seg til 30 prosent vern og restaurering av natur innan 2030. Foreininga meiner det føreslåtte statsbudsjettet strid mot denne avtala.
– Regjeringen bryt med eigne prioriteringar når dei føreslår kutt som går såpass utover vernet som eigentleg burde blitt styrka, legg han til.
Opp til SV
Tidlegare i veka uttalte professor i økonomi Jo Thori Lind at regjeringa truleg kom til å halde att i SV sine hjartesaker, sidan det er partiet dei truleg kjem til å forhandle med.
– Det er klassisk at ein kappar nokre hjartesaker for den kommande budsjettpartnaren, som ein reknar med vil komme inn igjen i forhandlingane, sa han til Nynorsk pressekontor.
Klima er ein av fanesakene til SV, så det kan bli eit viktig forhandlingspunkt for partiet. Det er også partiet blant anna Spire sett sin lit til.
– Eg forventar at SV får regjeringspartia med på eit solidarisk og bærekraftig statsbudsjett, go kor Noreg tek sitt historiske ansvar for klimakrisa, oppmodar Åsnes.