Peru stengjer delar av Machu Picchu

Delar av Perus største turistattraksjon Machu Picchu blir stengd for turistar. Årsaka er erosjon i delar av visse steinstrukturar.

NPK-NTB-AFP-TT
Publisert

Det gjeld kondortempelet og soltempelet og dessutan den heilage steinen Intihuatana.

– Skaden er irreversibel. Vi må verne arven vår, seier Maritza Rosa Candia frå det peruanske kulturdepartementet.

Machu Picchu vart bygd i det 15. hundreåret på 2500 meters høgd på ordre frå inka-leiaren Pachacutec. Det ligg 13 mil unna Cuzco i Andesfjella sør i Peru.

Opptil 3800 turistar besøkjer Machu Picchu kvar dag. Inkabyen vart ført opp på Unescos verdsarvliste i 1981.