Gut (16) arrestert etter verdskjent britisk tre vart felt

Politiet mistenker at nokon har kutta ned treet frå Robin Hood-filmen med vilje.

Åshild Slåen
Publisert

I Northumberland, like ved den gamle «Hadrians Wall» bygd av romarane, har det stått eitt verdskjent tre – fram til no.

Det 200 år gamle treet var med i filmen «Robin Hood: The prince of thieves» frå 1991, og har sidan då vore ein ynda plass å ta bilete.

No har det dessverre falle ned, og Northumbria-politiet mistenker at nokon har kutta det ned med vilje. Dei har no arrestert ein 16 år gammal gut som er mistenkt for kriminelt skadeverk.

Hendinga har opprørt fleire.

– Det har ført til mykje sjokk, sorg og sinne i både lokalmiljøet og andre stader, seier Kevin Waring frå det lokale politiet.

Han legg til at dei er tidleg i etterforskinga, og at dei er opne for fleire forklaringar på kva som har skjedd.