Filmmelding: The Wonderful Story of Henry Sugar – litt norsk humor

Regissør Wes Anderson sitt auge for stil og Roald Dahl sin tørre, litt norske, humor er ein himmelsk kombo, skriv filmmeldar Ola Birgitsønn Vik.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert
Oppdatert 04.10.2023 16:10

Sidan Wes Anderson sin førre adapsjon av ei Roald Dahl bok, Den fantastiske Mikkel Rev, er ein av mine favorittfilmar, er det ei glede å seie at filmen om Henry Sugar leverer varene.

Med filmar som The Grand Budapest Hotel og Asteroid City er Wes Anderson ein av dei mest kjende regissørane som jobbar i dag. Roald Dahl står bak mange av mine kjæraste barndomsminne. «Dustene» er ein klassikar. Anderson sitt auge for stil og Dahl sin tørre, litt norske, humor er ein himmelsk kombo.

 

The Wonderful Story of Henry Sugar

  • Regissør: Wes Anderson
  • Speletid: 39 min
  • Plattform: Netflix
  • Nasjonalitet/Språk: USA/Engelsk
  • Sjanger: Kortfilm

Historia blir fortald av Dahl sjølv, spelt av Ralph Fiennes. Han fortel om Henry Sugar, ein sjølvopptatt og rik mann som lærer ein ting eller to om medkjensle. Dei får til overraskande mykje på berre 40 minutt, er engasjerande og aldri kjedeleg.

Anderson er kjent for sitt karakteristiske uttrykk. Symmetri, bevisste fargeval og tørr humor er alle viktige element. I denne filmen har han gått eit steg lenger, og dyppar tåa i teaterestetikk. Alt ser ut som om det vart filma på ei scene. Vi får sjå korleis mange av sceneskifta blir gjort i praksis, med folk berande på kulisser og kostymeskift både i og rett utanfor bildet.

Dei eksperimenterer mykje for å bevare illusjonen om at dette kunne blitt gjort på ei scene. Dei fortel heller enn å vise, mykje humoristisk og spennande skjer rett utanfor skjermen, til humoristisk effekt. Å sjå på dei kreative løysingane er mykje av sjarmen med filmen.

Nokre scener brukar også stop-motion animasjon – eit lite vink til Mikkel Rev-filmen. Benedict Cumberbatch sine animerte innvolar var mykje meir attraktive enn ein kanskje skulle ha trudd.

Skodespelarane gjer alle fantastisk arbeid. Alle spelar fleire karakterar, som i eit skodespel. Tittelrolla Henry Sugar (Benedict Cumberbatch) er like overbevisande når han er slesk, som når han er sympatisk. Ralph Fiennes er ein solid forteljarkarakter. Richard Ayoade har nokre små roller, og er alltid like vedunderleg å sjå på skjermen.

Det er lite musikk i filmen, nokre få klassiske stykke i bakgrunnen. Til gjengjeld fungerer den monotone og hurtige pratinga som ei konstant, behageleg summing. Eit artig grep dei gjer er å panorere snakkinga; om dei står på venstre side av skjermen, kjem lyden frå venstre. Dette forsterkar følelsen av stad, som passar godt med teatermotivet.

Det kan ta litt tid å bli vant til praten. Skodespelarane fungerer både som forteljar og deltakarar i scenene. Litt snålt er det når dei snakkar direkte til kamera, eller refererer til seg sjølv i tredje person.

Anderson sin stil passar godt til slike korte historier, med tydeleg avgrensa segment. Allereie 10 minutt inn i filmen er vi i ei historie, i ei historie, i ei historie, i ei historie. Det kan verke litt konseptuelt på papiret, men dei får det til på ein saumlaus måte.

Eg anbefaler filmen til dei som likar Wes Anderson, Roald Dahl eller gode filmar. Han er heller ikkje så lang, så det er ingen grunn til å ikkje gi han ein sjanse.


Meldarsatsinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.