Agnes (21): – Me har alle eit ansvar for å bidra, meina og seia frå

Agnes Nordvik (21) byrja å delta i samfunnsdebatten då ho var 13 år og har vore med i Ungdommens ytringsfridomsråd.

Janne Nerheim
Publisert

Denne saka vart først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

– Det var først då eg skreiv det første lesarinnlegget mitt at eg forstod at stemma mi betyr noko og at me unge kan vera med på å skapa endringar. Frå då av kjende eg på eit ansvar for å seia frå og bidra med det eg kan saman med andre, fortel Agnes Nordvik.

Ho er frustrert over at mange i samfunnsdebatten ikkje oppfører seg skikkeleg.

– Når ein ytrar seg kan ein oppleva hets. Det går spesielt hardt utover til dømes unge jenter med fleirkulturell bakgrunn. Det er eit demokratisk problem når folk blir hetsa for kven dei er. Då blir det å uttrykka meiningane sine vanskeleg, seier ho.

– Men, kva er det som gjer at nokon vågar likevel? 

– Me har alle eit ansvar for å bidra, meina og seia frå, men det kan ein gjera på mange ulike måtar. Ein må ikkje vera ein viss type person for å gjera det. Nokon liker å skriva, andre snakkar med venner og familie om det dei er opptekne av, nokon er frivillige i organisasjonar, andre stiller opp i den lokale idrettsklubben. Det å ytra seg og meina noko er det viktig at me alle våger på våre eigne måtar, seier Nordvik, som også har vegra seg for å seia meiningane sine.

Skulen har ansvar

Men, dei kjipe folka får ho ikkje til å teia stille.

SNAKKAR: Dei kjipe folka får ikkje Agnes til å teia stille. | Foto: Privat

– Det er viktig at me allereie på skulen blir utfordra til å seia kva me meiner og at me får informasjon om korleis me på ulike måtar kan diskutera og bli høyrt. Ofte er det mykje enklare enn ein trur å til dømes ta kontakt med politikarar eller få eit innlegg på trykk i avisa. Men dei moglegheitene må informerast om og vera tilgjengelege for alle, seier Nordvik.