Ny verdsrekord i støvelkasting

Den gamle rekorden blei slått under ein landbruksfestival.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

955 menneske deltok i eit rekordforsøk onsdag førre veke i Ratheniska i Irland, skriv Irish Mirror. Dei sette ny Guinnessrekord i talet på menneske som kastar ein støvel på same tid.

Den førre rekorden var frå 2018 i England. Då kasta 792 menneske støvlar samtidig.

Dommarar følgde med på rekordforsøket og rapporterte det til Guinness. Om 12 veker vil verdsrekorden offisielt bli stadfesta.

Støvlane som blei kasta, var donerte til dette arrangementet. Dei vil no bli vaska og donerte til skular og ukrainske familiar som treng hjelp.