Forskarar på New Zealand prøver å dyrke frukt i laboratorium

Kanskje vil vi ein gong ete eple utan kjernehus.

Synne Ulltang
Publisert

Denne saka vart først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Det har vore nokre eksperiment dei siste åra med å dyrke kjøtt i laboratorium, men kunstig dyrka frukt er ikkje like vanleg, skriv The Guardian.

Forskarar ved Plant & Food Research på New Zealand prøver no å dyrke fruktkjøtt frå planteceller. Dei siste 18 månadene har dei eksperimentert med celler frå blåbær, eple, kirsebær, nektarin, fersken og druer. Målet er at den laboratoriedyrka frukta ein gong vil smake, lukte og kjennast ut som ekte frukt.

Prøver å sikre nok mat i framtida

Klimaendringar gjer det vanskelegare å dyrke frukt i naturen. Forskarane meiner det å dyrke frukt i laboratorium, kan sikre at alle får nok mat i framtida.

Den kunstig dyrka frukta vil ikkje innehalde delar av frukt som vanlegvis blir kasta, som kjernen i eit eple. Forskarane ønsker å unngå matsvinn ved å berre dyrke den delen av frukt som vi et.

Viss frukta blir dyrka i eit laboratorium, kan ho også dyrkast i byane. Då slepp maten å bli transportert frå ein gard til dei som skal kjøpe han.