Unge jenter som får ADHD-diagnosar er meir enn dobla

Dei siste åra har det vore ein auke i ADHD-diagnosar i Noreg, og særleg blant tenåringsjenter, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Frå 2020 til 2022 har ADHD-diagnosar i spesialisthelsetenesta blant barn og unge auka hos begge kjønn, viser FHI-tal.

Det står i kontrast til den relativt stabile utviklinga i dei ti åra før.

Mellom 2019 og 2022 har andelen jenter og unge kvinner med ADHD-diagnose gått frå 1,5 prosent til 3,1 prosent hos jenter frå 16 til 19 år, og 1 prosent til 2,2 prosent blant jenter frå 20 til 24 år.

– Éi mogleg forklaring er at ADHD-symptom vart meir synlege for familien når barna brukte meir tid heime. Det kan også vere at heimeskule framfor ein skjerm vart særleg utfordrande for barn med ADHD, seier avdelingsdirektør Heidi Aase i FHI.

Ho trur også ein del jenter med ADHD har «gått under radaren» fordi dei har ulike symptom enn gutar.

– Kunnskap om ADHD hos jenter er aukande, og dette kan også ha bidrege til at fleire jenter enn tidlegare no får diagnosen, seier Aase.