Nytt klimasøksmål mot staten blir behandla i retten i november

I november må staten møte i retten i eit nytt klimasøksmål. Greenpeace og Natur og Ungdom meiner staten har brote reglane for planlegging av olje- og gassfelt.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Ifølgje organisasjonane har staten brote såkalla utgreiingskrav ved godkjenning av nye olje- og gassfelt.

Regjeringa har godkjent planar for utbygging og drift av dei nye felta Tyrving, Breidablikk og Yggdrasil i Nordsjøen. Miljøorganisasjonane meiner dette bryt med krav frå Høgsterett frå det første klimasøksmålet, som gjekk i retten frå 2017 til 2020.

– For kvart nye oljefelt, overlèt regjeringa større og større utsleppskutt til neste generasjon og gjer omstillinga til grøne næringar enda vanskelegare. Alt dette er ei vanvettig urettferdig byrd for dagens unge. No tar vi kampen for våre rettar inn til domstolane, seier Natur og Ungdom-leiar Gina Gylver i ei pressemelding.

Olje- og energidepartementet meiner at godkjenningane som er gitt, ikkje strir med Grunnlova.

Saka skal behandlast i Oslo tingrett frå 28. november til 6. desember i år.