Filmmelding: You are so not invited to my Bat Mitzvah – 12-åringar, jødedom og hemn

Rakeb Berhanu Erana
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 20:09

Meldinga er ein del av prosjektet «Ung og kritisk». Les fleire meldingar her!

Bat mitzva, forelsking, vener, rivalisering og Olivia Rodrigo er nokre av problematikkane ein finn i ungdomsdramaet You Are So Not Invited To My Bat Mitzvah. Filmen er basert på ei bok med same namn og er regissert av Sammi Cohen.

Stacy Friedman (Sunny Sandler) fyller 12 år, og skal snart ha sin bat mitzva. Bestevenninna, Lydia Rodriguez Katz (Samantha Lorraine), og ho planlegg ei stor bat mitzva-feiring, men alt går gale då ein gut kjem mellom dei to, og dei endar opp som rivalar.

Forteljinga tek oss med på ei turbulent, og til tider, surrete reise gjennom liva til desse to jødiske 12-åringane. 

Adam Sandler og dottera Sunny Sandler (t.h) speler far og dotter i Netflix-filmen “You Are So Not Invited To My Bat Mitzvah”. © 2023.

Ein kan kalla filmen for eit familieprosjekt. Rollebesetninga består av Adam Sandler (også produsent av filmen), døtrene hans, Sunny Sandler og Sadie Sandler, og kona Jackie Titone Sandler. Utanom Sandlerfamilien, har me blant anna Idina Menzel og Samantha Lorraine i rollebesetninga. 

Dei eldre skodespelarane er solide i rollene sine, sett bort frå nokre kleine linjer her og der. Ungdommane derimot har ein del å gå på og mykje av dialogane deira er stive og unaturlege. Samantha Lorraine som Lydia strålte mest i si rolle blant ungdommane. 

Bestevenninnene Lydia (Samantha Lorraine) og Stacy Friedman (Sunny Sandler) har store planar for sine bat mitzva-feiringar, men blir uvener. Foto: Cr. Scott Yamano/Netflix © 2023.

You Are So Not Invited To My Bat Mitzvah prøver å vera eit nyansert ungdomsdrama.

Filmen er oppteken av å visa at både Lydia og Stacy sårar kvarandre og gjer dårlege handlingar. Men filmen er så fokusert på Stacy sine hemngjerningar at karakterutvikling og strukturert formidling av forteljinga tek baksetet.

Hovudpunktet er spesielt vanskeleg å sjå på, og stadfestar Stacy som ein utilgjeveleg karakter. Dessutan vart Lydia gløymt bort i store deler av hovuddelen, og ein får vita om venskapet deira berre frå Stacy. Nyansen i venskapet deira visnar bort av dette og Lydia endar opp som ein fjern motivator for handlingane til Stacy. 

Humoren i filmen er nok ikkje for alle – det er til og med vanskeleg å tru at målgruppa kjem til å synast at filmen er morosam. Ein finn den klassiske gen Z VS. boomers-humoren, og andre spøkar relatert til det å vera ein 12-åring i puberteten, kleine kjærastforhold og rivalisering.

Det er lett å synast at humoren ikkje kjem naturleg i filmen, spesielt humoren til ungdomskarakterane. Ein kjenner på at det er 40 år gamle vaksne som har skrive handlinga. Sjølv om humoren er klein og unaturleg, er det nokre scener som er morosame på ein ironisk måte. 

Sarah Sherman i rolla som rabbineren Rebecca Foto: Netflix

You Are So Not Invited To My Bat Mitzvah lykkast på to område – korleis jødisk kultur blir framstilt, og korleis filmen sluttar.

Jødedommen er sentral i forteljinga og ein får truleg ei realistisk framstilling av korleis det er å vera ein jødisk ungdom og deira forhold til jødedommen.

For å få komedien til å fungera, er karakterane overdrivingar, men den realistiske framstillinga av jødisk kultur blir ikkje ofra.

Filmen er flink til å forklara bat mitzva og andre viktige aspekt av jødedommen på ein fordøyeleg og kjekk måte. Samtidig passar filmen på å ikkje overforklara jødedommen og let heller karakterane visa kulturen gjennom handlingane sine. Dette bringar jødedommen til live, og ein får ei litt djupare forståing av kulturen. Ein kjenner også på at filmen er laga av menneske med jødisk bakgrunn for jødiske ungdommar. 

 

Slutten er desidert den sterkaste delen av You Are So Not Invited To My Bat Mitzvah.

Karakterane strålar mest i denne delen og dessutan er det i slutten karakterane oppfører seg som ekte, nyanserte menneske. Det er også på slutten Lydia får skikkelege replikkar og ho får endeleg fortelja sitt perspektiv.

Hovuddelen manglar dei emosjonelle, sårbare og fine elementa ein får sjå på slutten. Etter å ha sett filmen ferdig, kan ein lett tenkja at slutten blei bortkasta på ein svak film. Det verka som Adam Sandler hadde filma slutten først, og deretter fullført hovuddelen for å fylla opp filmen. 

Eli Katz (Luis Guzman), Lydia (Samantha Lorraine) og Gabi Rodriguez Katz (Jackie Sandler) Foto: Netflix

Etter eg såg ferdig You Are So Not Invited To My Bat Mitzvah, byrja eg å undra på om det er slike filmar ungdommar ynskjer seg eller om eg har blitt litt for gamal. Kanskje det er litt av begge, men dette endrar ikkje på at filmen prøvde seg på å vera djup og nyansert, men mista seg sjølv på reisa dit.

Om heile filmen var like sterk som slutten, kunne You Are So Not Invited To My Bat Mitzvah ha vore ein god ungdomsfilm.


Meldarsatsinga vår er ein del av prosjektet «Ung og kritisk», som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB.


Les også meldinga av Ahsoka – når har vi fått nok Star Wars?

Rosario Dawson er god i rolla som Ahsoka, difor er det dumt manuset ikkje er betre. Foto: ©2023 Lucasfilm Ltd. & TM. All Rights Reserved.

 

You Are So Not Invited To My Bat Mitzvah

  • Nasjonalitet/språk: USA, Engelsk
  • Regi: Sammi Cohen
  • Strøymeteneste: Netflix
  • Noregspremiere: 25. august 2023
  • Aldersgrense: 13 år
  • Sjanger: komedie, ungdomsdrama