Seks krimfilmar til påska – rangert frå mjuk til makaber

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påskekrimmen må vere ein av dei merkelegaste tradisjonane me har i Noreg, styrkt av det faktum at me ser ut til å vere dei einaste som har ein slik tradisjon.

Medan påska i seg sjølv tradisjonelt vert sett på som ei feiring av liv, både i kristen samanheng og som ein velkomst til våren, synest visst mange nordmenn at filmar og seriar om vald, drap og mysterium passar fint inn i høgtida.

I den samanheng har eg plukka ut eit knippe krimfilmar som du kan bryne deg på i påska.

For at alle enklare kan finne noko som passar deira smak, har eg valt å sette dei på ein skala frå mjuk til makaber. Me startar med filmar som hovudsakeleg er morosame og underhaldande, og held fram til dei som om mogleg får deg til å føle deg verre enn før du såg dei.

God påske!

The Great Muppet Caper (1981) – Jim Henson

Kermit, Fozzie og Gonzo ligg dårleg an med avisa dei jobbar for etter å ha gått glipp av eit smykkeran som fann stad rett ved dei. I eit forsøk på å ordne opp reiser dei til London for å intervjue Lady Holiday, kvinna som eigde smykka. Ei misforståing og ei løgn fører derimot til at Kermit trur sekretæren hennar, Miss Piggy, er ho. Då den ekte Lady Holiday vert rana på nytt, vert Miss Piggy sikta. For å fri ho må Kermit og resten av vennene hans finne den ekte skuldige, men kan dei stoppe det kommande ranet?

Om du ynskjer å sjå noko saman med born, ikkje sjølv har så høg toleranse for det makabre, eller berre vil kose deg med eit solid stykke krimkomedie, er det vanskeleg å trå feil med The Great Muppet Caper. Jim Henson sitt glade galleri av dukkekarakterar glir godt inn i de fleste settingar, og dette er ikkje eit unntak. Peter Falk, Columbo sjølv, har til og med ei lita gjesterolle! Betre blir det ikkje. 

Du kan strøyme The Great Muppet Caper på Disney+, eller leige og kjøpe han på Blockbuster.

Tim Curry (fremst) i rolla som legendariske Wadsworth i filmklassikaren «Clue». Foto: Paramount Pictures

Clue (1985) – Jonathan Lynn

Seks tilsynelatande tilfeldige menneske får ein middagsinvitasjon til ein herregard i New England. Der vert dei ønska velkommen av butlaren Wadsworth, som forklarer kvifor dei er samla: Alle har til felles at dei er utsette for utpressing av den sjuande gjesten, herr Boddy. Politiet er ringt, og vil vere der om 45 minutt. For å unngå at hemmelegheitene deira vert avslørt, tilbyr herr Boddy kvar av dei andre gjestene eit våpen og moglegheita til drepe Wadsworth. Då han slår av lyset, er det han sjølv som ender opp med å liggje livlaus på golvet. Blant gjestene som står att er det ein mordar, men kven?

Filmen er basert på brettspelet Cluedo, som heiter Clue i Nord-Amerika, og er eit mordmysterium som ikkje tek seg sjølv så seriøst. I Agatha Christie-stil er det ein såkalla ‘whodunnit’ der kven som helst kan vere skuldig. Blant skodespelarane finn me namn som Tim Curry, Christopher Lloyd og Eileen Brennan. Då Clue gjekk på kino, fekk sjåarane sjå ei av tre ulike avslutningar, men i dag kan du nyte alle tre. Liker du Rian Johnson sine Knives Out-filmar er denne verdt å sjekke ut!

Du kan leige eller kjøpe Clue på Google Play, Apple TV og TV2 Play.

James Stewart i rolla som L.B. Jeffries i Hithcock-filmen «Rear Window». Foto: Paramount

Rear Window (1954) – Alfred Hitchcock

Å måtte sitje stille i fleire veker er noko av det verste som kan hende ein spenningssøkar, men etter å ha skada beinet på jobb er det nettopp det fotograf L.B. Jeffries må.

Sjølv ikkje besøk frå kjærasten Lisa ser ut til å gi han mykje glede. I keisemda begynner han å følgje med på naboane han kan sjå frå vindauget sitt. Det er underhaldande, om ikkje særleg spennande, fram til han vert vitne til det han trur er eit mord.

Politiet finn ikkje bevis, men Jeffries er sikker, og med hjelp av kikkert, kamera og kjærast er han fast bestemt på å finne sanninga. 

Det å foreslå Hitchcock som påskekrim er så «basic» at det nesten vert banalt, men eg synest at han fortener ein plass for det. Denne stasjonære spionthrilleren er ikkje berre imponerande i måten han skapar så mykje spenning med berre ei leilegheit og eit vindauge, men også overraskande morosam til tider. Skodespelet er skarpt og regien genial. Har du enda ikkje sett ein Hitchcock-film er det ikkje for seint å starte her!

Du kan leige og kjøpe Rear Window på Google Play, Blockbuster, Apple TV, Rakuten TV eller SF Anytime.

Gene Hackman som paranoid privatdetektiv i «The Conversation».

The Conversation (1974) – Francis Ford Coppola

Harry Caul lever eit einsamt liv i paranoia, og det kjem nok med jobben. Han er nemleg ekspert på overvaking og tek betaling for å ta opp samtalar. Forholdet til eige arbeid er komplisert: Nokre år tidlegare vart tre menneske drepne på grunn av ei telefonavlytting han gjorde. Då Harry og kollegaen vert kontakta for å overvake eit ungt par, viser det seg å vere meir komplisert enn venta. Samtalen mellom dei to er vanskeleg å tolke, men for kvart steg framover vert innhaldet meir og meir urovekkande. Samtidig vert han stadig meir bekymra for si eiga sikkerheit. Redd for at fortida skal gjenta seg står Harry overfor eit dilemma: Å gjere jobben sin, eller å beskytte dei han overvaker? 

Dette er det punktet i lista der det underhaldande går over i det deprimerande, og dette er kanskje den av filmane som treffer best der. Melankolsk, tankevekkande og med eit dryss katolsk skuldkjensle er The Conversation eit vitnesbyrd om kvifor Coppola vert rekna som ein av vår tids store regissørar og manusforfattarar. 

Du kan låne The Conversation gratis via Filmoteket eller leige og kjøpe han på Google Play, Blockbuster, Apple TV, Rakuten TV, Viaplay eller SF Anytime.

Maria Bonnevie og Stellan Skarsgård i den norske storfilmen Insomnia, regissert av Erik Skjoldbjærg.

Insomnia (1997) – Erik Skjoldbjærg

Mordet på ei ung jente bringar Kripos-politifolka Jonas Engström og Erik Vik til ei lita bygd i Nord-Noreg. Det er sommar og sola er ute heile døgnet, noko som gjer det vanskeleg for Engström å sove om natta. Då han med eit uhell skyt feil person under jakta på ein av dei sikta i saka, nyttar Engström sjansen til å skulde på den flyktande. No må han oppretthalde si eiga løgn samstundes som han forsøkjer å finne den skuldige i saka han blei sendt der for å løyse.

Insomnia er ein av dei store norske filmsuksessane og vart godt mottatt både her i Noreg og internasjonalt, og vart blant anna nominert ved filmfestivalen i Cannes. Svenske Stellan Skarsgård leverer godt som den plaga Engström, og dei lyse nettene gir filmen ei unik, nesten trolsk kjensle. I 2002 vart ei amerikansk nyinnspeling av Christopher Nolan laga, men det er jo ikkje like gøy!

Du kan leige Insomnia hjå Filmarkivet.

Halve ansiktet til ein mann syns bak ei rekke bilete

Nicolas Cage speler hovudrolla i 8mm.

8MM (1999) – Joel Schmacher

Privatdetektiven Tom Welles lever eit relativt roleg liv med kone og dotter, men eit oppdrag sender han på veg til ei verd langt mørkare enn han nokosinne kunne førestilt seg.

Etter å ha funne ein forstyrrande pornografisk videorull blant den nyleg avdøde mannen sine ting, tilset ei rik enke Tom for å undersøke innhaldet og finne ut kven jenta i filmen er. Problemet? Filmen viser det som ser ut som mordet på henne. Han set ut i håp om å bevise at filmen er falsk, men jo meir han finn ut, jo mindre sannsynleg verkar det. Med hjelp av Max, ein yngre mann tilsett i ein sexbutikk, drar Tom ned i dei mørkaste hjørna av pornografiens verd. Spørsmålet er om han kan komme seg opp igjen.

Dette er ikkje ein spesielt koseleg film, men det har du kanskje allereie gjetta. Kritikarane var heller ikkje særleg begeistra då han først kom ut i 1999, men dette er mi liste og ikkje deira. Har du smaken for det mørke og tabubelagde, og dessutan ein sterkt mage, er den verd å sjå. At historia er skriven av den same mannen som skreiv Se7en er heller ikkje eit minus. Nicolas Cage speler hovudrolla, med skodespelarar som Joaquin Phoenix, Peter Stormare og Sopranos-stjerna James Gandolfini i mindre roller. 

Du kan leige og kjøpe 8MM på Blockbuster, Apple TV, Rakuten TV eller SF Anytime.


Les også: Drepne turistar, forsvinningar og terroråtak – her er årets påskekrimmar

Kollasj av detektivane i dei ulike seriane.

Etterforskarane Vera og Perez er tilbake på NRK i påske. På TV 2 må irske Emer Berry jobbe med kollegaar i Belgia for å hindre terroråtak. Hjå Viaplay kan du strøyme serien «Dublin Murders», som er basert på boka «Skogen». Foto: BBC, ITV Studios, Bernard Walsh/AcornTV, Viaplay, kollasj Framtida.no