Hollywood-nominasjon for norsk natur i HBO-serie
Steve M. Røyset har funne innspelingsstader for «Succession». No kan lokasjonsjegaren få internasjonal pris.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I Hollywood har nærast alle yrkesgruppene involverte i filmarbeidet si eiga prisutdeling – så også dei som jobbar med å finne lokasjonar til innspelingar.
Neste veke går Location Managers Guild International Awards av stabelen i Los Angeles, sagt å vere den høgaste anerkjenninga som kan bli tildelt fagfolk som finn og administrerer innspelingsstader til film- og serieproduksjonar.
Fire norske nominerte
Og for første gong i LMGI Awards ti år lange historie er fire nordmenn nominert, side om side med kollegaer frå Los Angeles, New York og London.
Steve M. Røyset plukka ut dei norske innspelingsstadene i Møre og Romsdal til dramaserien «Succession», etter tidlegare å ha funne passande norske lokasjonar til «Dune», «Mission: Impossible», «No Time to Die», «Black Widow» – og «La elva leve».
– Det blir gjort mykje imponerande arbeid på filmsett rundt omkring i verda, så å bli nominert av internasjonale kollegaer til denne prisen er ei stor ære. Dette gir ny synlegheit til Noreg som innspelingsstad, og viser kva kvalitet vi har i bransjen vår, seier Røyset ifølgje pressemeldinga frå Vestnorsk Filmsenter.
Trollbindande natur
Roar Uthaug-filmen «Troll», som var å sjå på Netflix, er også nominert gjennom teamet Audun Skarbøvik, Leo Resnes og Espen Rudi – som skal kappast med internasjonale storfilmar som «Tár» og «John Wick» i klassen sin.
I filmen er det Geiranger, Lom, Romsdal og mørekysten som blir løfta fram.

Lokasonsjegeren som fant stemningsfull norsk natur til Roar Uthaugs «Troll» er også nominert til Hollywood-kåringa for sin yrkesgruppe. Foto: Netflix
Ifølgje Sigmund Elias Holm i Vestnorsk filmkommisjon kan prisnominasjonane skape positiv blest for Noreg som innspelingsland.
– I den tidlege fasen møter Noreg sterk konkurranse frå ei rekkje andre land med tilsvarande landskapstypar. Når norske fagfolk er nominert i ein slik setting, så blir den mentale avstanden frå Hollywood til fjordane litt kortare, seier Holm.
Prisen blir delt ut 26. august.