Dette er dei mest populære yrka på Finn.no

Det er færre utlysingar, men nokre yrke er framleis på topp.

Åshild Slåen
Publisert

Frå april til juni har talet på jobbannonsar gått ned i år, ifølgje ei pressemelding frå Finn Jobb.

Det var 18 prosent færre stillingar utlyst samanlikna med same tidspunkt i fjor.

– Dette er eit klart teikn på at økonomien blir kjølt ned, seier jobbanalytikar Christopher Ringvold.

Men det er nokre yrke som likevel stikk seg ut.

Dei fem yrka på topp, med funksjonane og bransjane som er mest etterspurt, er:

Helsepersonell

1. Vernepleiar/miljøterapeut

2. Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

3. Psykolog

Ingeniør

1. Elektroingeniør

2. Automasjon og instrument

3. Bygge- og anleggsteknikk

Sjukepleiar

1. Eldreomsorg

2. Psykiatri

3. Intensiv

Leiing

1. Offentleg administrasjon

2. Bygg og anlegg

3. Helse og omsorg

Rådgiving

1. Konsulent og rådgiving

2. Offentleg administrasjon

3. Bygg og anlegg