Juli var den varmaste månaden nokon gong

Marie Wilberg
Publisert

Både skogbrannar og heitebølgjer var med på å løfte temperaturen betrakteleg den siste månaden. Fleire stadar i verda har heitebølgjene vore dødelege. 

– Desse rekordane har forferdelege konsekvensar for både menneske og planeten når ein stadig blir utsett for fleire og hyppigare ekstreme hendingar, seier fungerande direktør i Copernicus Samantha Burgess i ein artikkel i CBS News.

Eit temperaturhopp på 0,33 grader er uvanleg, då nye temperaturrekordar gjerne berre er på hundredelar eller ei tidels grad, ifølgje CBS News. 

Den ferske rekorden var 0,72 grader over gjennomsnittet for juli i åra 1991-2020, skriv NTB


Landskap med ein veg, tre og åker, alt saman dekka av frost.

Mindre snø og meir kulde er noko av det ein kan vente seg i vinter. Illustrasjonsfoto: Photo by Richard Hodonicky on Unsplash