6. juni er Sveriges nasjonaldag – feirar på feil dag

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Ein tidlegare versjon av denne saka er publisert hjå Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

6. juni er Sverige sin nasjonaldag, men «søta bror» har ikkje dei same tradisjonane for å feira dagen som Noreg.

Først i 2005 vart 6. juni ein offentleg høgtidsdag, og svenskane fekk dimed fri frå jobb og skule.

Dagen blei tidlegare kalla Svenska flaggans dag og vart markert med flaggheising på offentlege stader. Dagen har òg tidlegare vorte brukt av nynazistiske grupper til å markera seg.

Grunnen til at Sverige sin nasjonaldag er 6. juni kjem av fleire hendingar:

  • 1523: Gustav Vasa blei vald til svensk konge.
  • 1809: Ei ny svensk grunnlov kom.
  • 1974: Endå ei ny svensk grunnlov kom.

Men Sverige kunne ha feira nasjonaldagen sin lenger ut i juni månad. Gustav Vasa vart konge i Sverige 6. juni 1523 etter den dåverande julianske kalenderen, men etter vår moderne kalender skjedde det den 16. juni, ifølgje SVT.


Illustrasjonsfoto: By Hansjorn/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0,