Vatnet langs norskekysten blir mørkare

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Det blir mindre lys tilgjengeleg lengre nede i vassøyla, og det har ein biologisk konsekvens, seier havforskar Lars-Johan Naustvoll i Havforskingsinstituttet.

Mykje organiisk materiale

Forskarar har funne fleire årsaker til at vatnet har blitt mørkare dei siste 20 åra.

– Det kjem mellom anna av mykje organisk materiale, det me før kalla humus, frå nedbørsfelt og landjord. Partiklane renn ned i bekker og vidare ut i elvar før dei til slutt hamnar i sjøen, seier Naustvoll.

Mange elvar har blitt «retta» ut for å effektivisera landbruket og mista dei naturlege kurvene sine. Såkalla kantvegetasjon, som fangar opp næringsstoff, har òg blitt luka vekk. Derfor stoggar ikkje partiklane og næringssalta på vegen, og blir skylde ut i havet. Det er òg meir organisk materiale i vatnet langs kysten i dag enn det var før. Dette påverkar oksygennivået i fjordane.

Mindre planteplankton

Mørkninga påverkar planteplanktonet i fjordane. Dei er avhengige av sollys og er å finna i overflata og ned til tolv meters djup.

– Dermed får planteplanktonet mindre areal å veksa i, og den totale biomassen vil kunna bli redusert, seier Naustvoll.

Når det blir mindre planteplankton, betyr dette òg mindre mat til dyreplanktonet, og igjen mindre mat til fisken i havet.

– Slik held fylgjefeilen fram oppover i næringskjeda.


Les også: Ny FN-avtale skal verne 30 prosent av havet