Framtida
Publisert
Oppdatert 12.12.2023 10:12

Svar på ei av dei tre oppgåvene under.

Send inn di tekst via Framtida.no og Magasinett sin nye debattportal for unge innan 20. august 2023! Hugs å krysse av for SKRIVEKONKURRANSE!

Reglane for skrivekonkurransen finn du nedst i saka.


Oppgåve 1: Bør stemmerettsalderen senkast?

Fleire land og område har senka stemmerettsalderen ved lokalval, noko Noreg òg har testa ut. I 2022 stemte Stortinget imot å gje 16- og 17-åringar stemmerett ved lokalval. Bør stemmerettsalderen senkast, haldast på same nivå, eller kanskje aukast? Kva bør aldersgrensa vere? 

Skriv eit innlegg der du bruker relevante kjelder og argumenterer for meininga di.


Oppgåve 2: Er det vits i å stemma ved lokalval?

Skriv eit innlegg der du debatterer kvifor unge bør/ikkje bør stemma ved lokalvalet. 

Ta gjerne utgangspunkt i eitt eller fleire av desse spørsmåla: 

    • Kvifor skal du stemme (eller ikkje) ved lokalvalet i år? 
    • Føler du at di stemme tel i lokalpolitikken? 
    • Har du opplevd å bli høyrt eller ikkje høyrt i ei sak som er viktig for deg? Korleis gjekk du fram og korleis har det skapt endring?
    • Veit unge kva oppgåver kommunen- og fylkeskommunen rår over? 
    • Veit du kva politikarane dine står for før valet? 
    • Er du til dømes folkeregistrert i kommunen du bur i? Eller er du student i ein annan by du ikkje har meldt flytting til? 

Bruk kjelder og argumenter for meininga di om det er vits i å stemma ved kommune- og fylkestingsval.


Oppgåve 3: Er woke og cancel culture eit samfunnsproblem?

Kallar du deg woke? Kvifor/kvifor ikkje? Kva er eigentleg cancel culture (kanselleringskultur)? Og kva har desse fenomena å seia for den offentlege debatten? 

Skriv eit innlegg om woke og/eller kanselleringskultur der du nyttar kjelder og konkrete døme, og argumenterer for dine meiningar.


Konkurransereglar

Vinnarane og tekstar juryen gjev heiderleg omtale blir kontakta og publisert på Framtida.no. Bidraget kan ikkje ha vore publisert i andre medium før.

Personar som er, eller har vore, tilsette i organisasjonane som arrangerer skrivekonkurransen kan ikkje delta.

Format: Følg rettleiinga og send inn i eige skjema for meiningsinnlegg/skrivekonkurransar.

Lengd: Maks 1000 ord, men gjerne kortare!

Premie: 2000 kroner til førsteplass og 1000 kroner til andreplass. Det blir òg gjeve bokpremiar og berenett til dei beste bidraga som blir plukka ut til å bli publiserte.

Aldersgrense: Til og med 25 år

Innleveringsfrist: 20. august 2023

Målform: Nynorsk