Maud Angelica Behn donerer håret sitt til parykksenter
I ein TikTok-video tysdag ettermiddag seier Maud Angelica Behn at ho har donert håret ho klipte av førre veke, til Apollo Hårsenter, skriv VG.
@3_eyed_cat #Hårdonor Donated my hair to @Apollo Hårsenter Norge and @Gina ♬ original sound – Maud Angelica Behn
I videoen viser ho fram ein liten Ikea-pose med håret ho klipte av, som no er donert til hårsenteret.
Apollo Hårsenter lagar mellom anna parykkar og hårdelar til menneske som av ulike grunnar ikkje har hår.
20-åringen tilrår også andre til å vurdere å donere bort hår til menneske som sjølv ikkje har det.

Skjermdump frå TikTok-videoen til Maud Angelica Behn der ho klippar av og skal donere håret sitt.