Filmskapar trekkjer seg frå Amandajuryen i kjønnsprotest

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Filmskapar Ulrik Imtiaz Rolfsen har trekt seg frå Amandajuryen.

Han trekte seg tysdag då juryen møttest for første gong, skriv Dagsavisen.

Rolfsen fortel at han då tok opp om det er utdatert at det blir delt ut kjønnsbaserte skodespelarprisar, eller om prisane kan bli omdefinerte på ein annan måte.

– Eg meiner det er eit veldig kunstig skilje. I juryen hadde vi ein ganske interessant diskusjon om det, og vi verka ganske samde, men dei som styrer Amandafestivalen sa at det kunne vi diskutere og ta opp igjen neste år, men no kan vi ikkje gjere noko med det. Då sa eg at eg ikkje ville vere med i juryen, seier Rolfsen.

Festival- og programsjef for Haugesund internasjonale filmfestival og leiar av Amandakomiteen Tonje Hardersen seier til avisa at det ikkje er opp til juryen kva kategoriar det skal delast ut Amandapriser i.


Tim Curry (fremst) i rolla som legendariske Wadsworth i filmklassikaren «Clue». Foto: Paramount Pictures