Amerikanske manusforfattarar går ut i streik – desse programma blir påverka
Minimumsstandard for tilsetting, løn og kunstig intelligens er noko av det dei vil forhandle om.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fagforeininga Writers Guild of America (WGA) er dei som organiserer manusforfattarar i Hollywood. Tysdag 2. mai gjekk dei ut i streik, etter at dei ikkje vart samde med arbeidsgjevaren Alliance of Motion Picture and Television Producers (AMPTP).
Hovudpunkta som AMPTP ikkje er samde i er krava om ein minimumsstandard for
- Kor mange forfattar som skal vere tilsette i ein serie, avhengig av kor mange episodar serien har planlagt.
- Kor mange veker forfattarar er tilsette for per sesong som blir produsert.
Studioa avslo begge desse punkta, og kom ikkje med eit motforslag.
Det vart også forhandla om løn for forfattarar som tek omsyn til når eit program blir populært på strøymetenester. I tillegg ynskjer fagforeininga å avgrense bruk av kunstig intelligens i staden for forfattarar for å utarbeide manus.
Kva program blir påverka?
Avhengig av kor lenge streiken varer, kan forskjellige program bli påverka.
I fyrste omgang er det program som blir produserte frå dag til dag som blir påverka. Det inkluderer blant anna talkshows, som må ty til reprisar:
- Saturday Night Live (SNL)
- Jimmy Kimmel Live!
- The Tonight Show with Jimmy Fallon
- The Late Show with Stephen Colbert
- Late Night with Seth Meyers
- Real Time with Bill Maher
- Last Week Tonight with John Oliver
- The Daily Show
Såpeoperaer som desse har heller ikkje mange episodar dei kan sende før dei går tom:
- Days of Our Lives
- The Bold and the Beautiful
- The Young and The Restless
I tillegg vil program som produserer neste sesong no kanskje måtte korte ned sesongane eller utsette premieren av den neste sesongen. Det inkluderer blant anna:
- Abbot elementary (sesong 3)
- Yellowjackets (sesong 3)
- Cobra Kai (sesong 6)
Program som allereie er produsert, som noverande sesong av Succession, Barry og Queen Charlotte: A Bridgerton Story blir ikkje påverka. Manuset til sesong to for House of the Dragon er også ferdig, så serien kan produserast, sjølv om forfattarane streikar.