Sjå dei seks ferieminna som blir nye frimerke
Fire turistar i eige land, ein sveitser og ein italienar får ferieminne frå Noreg på frimerke i serien «Ferieminner 2022» frå Posten.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Posten og Visit Norway er litt overvelda etter å ha oppmoda turistar frå inn- og utland til å dele ferieminna sine frå Noreg i fjor i sosiale medium.

Kvit strand frå Hovdsundet ved Bodø. Foto: Jan Finstad.
Meir enn 13.000 bidrag kom inn.

Norsk flagg frå Olden i Nordfjord. Foto: Rita Arhaug
– Talet på bilete og ikkje minst kvaliteten på det som har komme inn, har vore overveldande.

Geiteflokken ved Skei i Sunnfjord. Foto: Carolina Llodra Millás
Det seier frimerkedirektør Halvor Fasting i Posten i ei pressemelding.

Fjellet Svolværgeita. Foto: Lisa Christensen
– Vi kunne aldri ha drøymt om ein slik respons, men det er svært gledeleg å sjå dei flotte minna og opplevingane frå ferielandet Noreg som no blir dokumenterte på dei nye frimerka.

Bryggerekka i Trondheim. Foto: Nathalie Monnier
I helga gir Posten Noreg ut serien med frimerke. Motiva er Ytresand i Lofoten, fjellet Svolværgeita, ein geiteflokk ved Skei i Sunnfjord, Olden i Nordfjord, Hovdsundet ved Bodø og bryggjerekkja i Trondheim.

Nordlyset fra Ytresand i Lofoten. Foto: René Ringnes
– Det har verkeleg ikkje vore lett å velje ut motiva som skulle ende opp på frimerka, men eg føler at vi har klart å illustrere mangfaldet i den majestetiske naturen vi har i dette landet, seier jurymedlem Ragnhild Ås Harbo i Visit Norway.