Bunaden kan bli verdsarv

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei innskriving på Unesco-lista er av stor betydning for vidareføring av kunnskapen om bruk og tilverking av bunaden.

Det seier avdelingsdirektør for samfunn og arena i Kulturdirektoratet Torbjørn Urfjell i ei pressemelding frå Kulturrådet.

Bunaden er ein del av den kulturelle identiteten og kulturarven vår. I tillegg til dei meir tradisjonelle bunadene, har me dei siste åra sett fleire uttrykka tilhøyrsel og kreativitet gjennom nye variantar av plagget.

Fire verdsarvar kan bli til seks

Det finst om lag 450 ulike bunader i Noreg i dag, med variasjon alt etter kor han kjem frå i landet. 70 prosent av kvinner og 20 prosent av menn i Noreg eig ein bunad. I 150 år har bunaden vore ein norsk tradisjon, då han gjekk frå å vera folkedrakt på landsbygda, til eit stasantrekk.

Unesco behandlar etter planen forslaget på eit komitémøte i slutten av 2024.

Frå før har Noreg fire levande tradisjonar på Unesco-listene. Blant dei finn ein oselvarverkstaden på Os i Vestland, setesdalstradisjonen i Agder og klinkbåttradisjonen i Nord-Noreg. Nyleg blei òg setertradisjonen nominert.


Foto: Helle Navratil / Embla bunader