Har du hugsa å stille klokka i natt?
Natt til søndag går vi frå normaltid, altså vintertid, til sommartid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Skiftarbeidarar, småbarnsfamiliar og bønder er kanskje blant dei som opplever klokkestillinga som mest utfordrande. Det positive er heldigvis at dette betyr lysare ettermiddagar og at våren er rett rundt hjørnet, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Som ansvarleg for Justervesenet er det næringsministeren som bestemmer kva som er rett tid her i landet.
Klokka blir stilt mellom klokka 2 og klokka 3 natt til søndag, dermed «mistar» vi ein time. Den får vi tilbake når klokka blir stilt tilbake til normaltid 29. oktober.